Investerer 211 millionar i SFE

VEKST: Konsernsjef Johannes Rauboti og SFE har auka eigenkapitalen i selskapet med 211 millionar.

VEKST: Konsernsjef Johannes Rauboti og SFE har auka eigenkapitalen i selskapet med 211 millionar. Foto:

NÆRINGSLIV: Med unntak av BKK og Naustdal kommune, deltok alle eigarane med å auke eigenkapitalen i Sogn og Fjordane Energi.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Kraftselskapet hadde sett frist denne veka for å delta i ein emisjon - altså å skrive ut nye aksjar som eigarane kan kjøpe, med føremålet å auke eigenkapitalen.

Resultatet: Auka eigenkapital på 211 millionar kroner.

– Svært gledeleg å få denne tilliten frå eigarane, og viktig for satsinga framover, seier konsernsjef Johannes Rauboti i ei pressemelding.

Den største investeringa kom frå Sogn og Fjordane fylkeskommune på nær 169 millionar kroner, følgt av Flora og Gloppen med høvesvis 15,8 og 11,8 millionar.

Med unntak av BKK og Naustdal kommune, deltek alle aksjonærar i kapitalauken.

Periode med investeringar

Selskapet er inne i ein periode med store nettinvesteringar, samt at bygginga av Østerbø kraftverk i gang.

Rauboti meiner difor at eigenkapitalen er viktig for å sikre konsernet si evne til vidare vekst og utvikling.

– Det er i næringslivet som i samfunnet elles – det er ulike tider for å så og for å hauste. Vi er glade for at eigarane er samde i at det er godt eigarskap å styrke selskapet i ein periode med store investeringar. Ei styrking av eigenkapitalen no vil gi eit godt grunnlag for auke utbytet i seinare år når vi igjen går inn i periodar med lågare investeringsnivå, seier Rauboti.

Ingen over 50 prosent eigarskap

Ingen av eigarane kjem over 50 prosent eigarskap og får direkte fleirtal etter emisjonen.  Gjennom sitt holdingselskap aukar fylkeskommunen sin eigardel frå 48,2 prosent til 49,6 prosent, medan BKK på si side reduserer sin eigardel frå 38,5 prosent til 36,8 prosent.

Under presentasjonen til fylkestinget og eigarmøta sist juni, kunne SFE presentere ein samla verdiauke på rundt 4,4 milliardar kroner sidan konsernet vart danna i 2003.

Dette svarar til ein avkasting til eigarane på rundt åtte prosent årleg.

– SFE sin finansielle situasjon er god, men vi treng kapital for å sikre god utvikling i ein periode med store investeringar. Vi skal arbeide hardt for at eigarane si investering i selskapet skal bere like gode frukter som tidlegare år, seier Rauboti.

Artikkeltags