Politiet fjernar aksjonistar med makt

«Lat fjorden leve» ropte han taktfast medan politiet bar han vekk.

Aksjonistar sperra vegen i protest mot prøveboring i Engebøfjellet.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Siste: Kring klokka 14.00 fjerna politiet aksjonistar i Vevring med makt. Dei fekk hjelp av brannvesenet som med hydraulisk saks klippa lenkene til lenkegjengen.

Dette skjedde ettar at politiet like over klokka halv to hadde gitt aksjonistane streng beskjed om å fjerne seg innan eit kvarter, viss ikkje ville heile gjengen bli taua inn og sendt til politistasjonen i Florø.

Firda sin reporter fortel at det er 16 politimenn på staden.

Til saman vart 15 aksjonistar fjerna frå vegen, som no er opna for fri ferdsel. Dei 15 vart tekne tekne med til Florø, der dei skal registrerast av politiet, og kan vente seg eit førelegg på 10.000 kroner per person.

Ein av desse var sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, Gjertrud Øvretveit (19) frå Gaular. Ho sa følgjande etter at politiet kom med si oppmoding om å forlate staden frivilleg:

– Eg har ikkje tenkt å flytte meg.

Starta aksjon i morgontimane

Natur og Ungdom sette opp sperrer på vegen inn til Engebøfjellet i Vevring, der gruveselskapet Nordic Mining skal gjere prøveboring.

Natur og Ungdom sperra tysdag vegen opp til Engebøfjellet. Organisasjonen er budde på ein fleire veker lang aksjon. – Vi har nok av folk til å halde det gåande lenge. Vi held fortet så lenge det trengst, seier leiar Ingrid Skjoldvær. Her informerer politiet om at dei vil bli fjerna fysisk og bøtelagde.

Natur og Ungdom sperra tysdag vegen opp til Engebøfjellet. Organisasjonen er budde på ein fleire veker lang aksjon. – Vi har nok av folk til å halde det gåande lenge. Vi held fortet så lenge det trengst, seier leiar Ingrid Skjoldvær. Her informerer politiet om at dei vil bli fjerna fysisk og bøtelagde. Foto:

Ifølgje leiar Ingrid Skjoldvær hadde Natur og Ungdom 15 personar på staden. Dei hadde med seg lenkjer og var budde på å lenke seg fast.

– Vi har danna ein leirplass der vi har sett opp ein lavvo. I tillegg har vi fysiske sperrer,  som trebukkar og liknande, for å hindre arbeidsmaskinene i å komme fram til området, seier Skjoldvær til Firda.

Nokre av ungdommane kom søndag, og andre måndag morgon.

– No blir vi her og ser om det skjer noko, og så vil vi prøve å hindre dei viss dei prøver å komme opp på fjellet, seier Skjoldvær.

Her blir Natur og Ungdom-leiar Ingrid Skjoldvær fysisk frakta vekk av politiet. – Dette er berre starten, seier ho.

Her blir Natur og Ungdom-leiar Ingrid Skjoldvær fysisk frakta vekk av politiet. – Dette er berre starten, seier ho. Foto:

– Viss dei kjem, set vi oss ned og lenkar oss fast. Dette er meir enn noko anna enn ein forsmak på det som kjem. Alle som er her er villige til å bryte lova for det dei trur på. Nokre vil la seg arrestere fleire gongar, legg ho til.

Vil lenke seg

Ein av dei næraste naboane til gruva i Vevring, Magnar Falkenstein, kom gåande.

Ivar Fossum møtte aksjonistane på staden. Her med innbyggjar og Raudt-politikar Magnar Falkenstein.

Ivar Fossum møtte aksjonistane på staden. Her med innbyggjar og Raudt-politikar Magnar Falkenstein. Foto:

– Eg synest det er veldig flott at ungdom er villige til å ofre så mykje for saka. Å få dei til å flytte seg er nok fånyttes, seier han.

Flakenstein, som er Raudt-politikar, har også planar om å lenke seg fast i protest.

– Men det blir ikkje i løpet av dei første dagane. Dei treng folk seinare og.

Klar for fleire veker med aksjon

Organisasjonen er budd på ein fleire veker lang aksjon og seier dei har nok av folk til å halde det gåande lenge.

– Til no har vi samla over 2.000 personar på liste for sivilt ulydige aksjonar mot det omstridde gruveprosjektet, skriv organisasjonen i ei pressemelding.

Vevring-rektor Grete Bjørndal deler ut pizza til aksjonistane.

Vevring-rektor Grete Bjørndal deler ut pizza til aksjonistane. Foto:

– Vi er meir opptekne av å vere her lenge enn av å mobilisere veldig mange til ein kort aksjon. Vi er budde på at aksjonen varar i fleire veker, seier Skjoldvær, og legg til:

– Måla våre med desse aksjonane er i første omgang å stogge prøveboringa, meir langsiktig ønskjer vi å vise aksjonærane i Nordic Mining at dette ikkje er eit prosjekt det er verd å sette pengane sine på. I tillegg ønskjer vi å synleggjere konsekvensane av dette vedtaket endå betre.

Politiet har vore på plass i Vevring.

Sjå video med innsatsleiar Gunnar Englund i politiet.

Fossum: – Forventar at dei respekterer oss

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, fortel tysdag morgon at dei har fått med seg at Natur og Ungdom har sett i gang ein aksjon mot prøveboringa.

– Vi er litt undrande til at dei aksjonerer no. Dette er ei geologisk undersøking for å få meir informasjon, det er ei stund til vi set i gang drifta. Men eg forstår at dei ønskjer publisitet kring sitt syn på saka, seier Fossum.

– Vil aksjonen påverke den jobben de skal gjere?

– Vi har respekt for deira syn på dette, og reknar med dei har respekt for det arbeidet som vi lovleg skal gjere. Slik at det ikkje blir noko problem, seier Fossum.

– Ulovleg aksjon

Førde og Naustdal lensmannskontor har hatt folk på staden, det stadfestar operasjonssentralen i Florø ved Vest politidistrikt.

– Vi er der for å hente inn informasjon og få eit overblikk om kva som skjer, seier operasjonsleiar Wenche Hope.

16 politifolk deltok i aksjonen i Vevring.

16 politifolk deltok i aksjonen i Vevring. Foto:

Firda har snakka med Gunnar Englund på staden. Han seier følgjande:

– Dette er ein ulovleg aksjon, vi har som mål å avslutte den, seier Englund.

Får byrje prøveboringa

Nordic Mining har fått løyve til å grave fram mineralet rutil frå Engebøfjellet i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane. Avfallet skal deponerast i Førdefjorden, utanfor bygda Vevring.

Planane er klaga inn til EFTA sitt overvakingsorgan ESA og til Kongen i statsråd. Klaga er enno ikkje behandla, men selskapet har fått løyve til å sette i gang med prøveboringar frå tysdag.

I slutten av desember vart det meldt at det blir prøveboring i byringa av februar, og i slutten av januar vart planen er å bore 37 hol i fjellet i løpet av dei neste to månadene, til saman 6.000 meter med borekjerne.

Kring 15 personar aksjonerar for å stogge prøveboringa i Engebøfjellet.

Artikkeltags