Meir malm og meir rutil

RUTIL: Boreprøve frå Engebøfjellet.

RUTIL: Boreprøve frå Engebøfjellet. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

NAUSTDAL: Nordic Mining har styrkt seg med tanke på å sikre finansiering.

DEL

– Vi har fått meir malm klassifisert i dei sikre kategoriane, og også meir malm totalt sett, seier utforskingsleiar Mona Schanche i Nordic Mining.

Dei førre tala, publisert i 2008, var baserte på målingar frå 90-talet av Dupont/Conoco. Ut frå dei tala kunne Nordic Mining vise til 32 millionar tonn malm, med eit gjennomsnittleg rutilinnhald på 3,77 prosent. Resten, 123 tonn malm der 3,75 prosent var rutil, kunne berre antydast.

Kva er eigentleg prøveboring? Sjå reportasje og film om det her.

I den nye rapporten kan dei fastslå, med stor grad av tryggleik og klassifisert etter internasjonale standardar, at det er 93 millionar tonn malm som inneheld 3,89 prosent rutil. I tillegg kan det antydast at det finst 138 millionar tonn til, der 3,86 prosent er rutil.

Saka

Under prøveboringa i år har det blitt samla inn 6348 meter med kjerneprøvar og 77 overflateprøvar. Kjernane har blitt undersøkt i lokala til Nordic Rutile i Naustdal. Deretter har dei blitt sendt til kjemisk analyse hos ALS Minerals i Sverige. Der har det blitt utført ca. 1500 kjemiske analysar av stein og 336 rutil-spesifikke undersøkingar.

– Det er gledeleg at både mengda malm og rutilinnhald går opp, men det aller viktigaste er å få stadfesta og klassifisert ressursen med internasjonale standardar, det er viktig for å ta prosjektet vidare, seier Schanche.

Viktig for å finansiere

Internasjonale standardar godkjenner ikkje antyda malm. Nordic Mining har difor med den nye rapporten tredobla mengda malm som har høg nok klassifisering til å søke finansiering.

– No har vi mykje større tryggleik for at ressursen og rutilinnhaldet er rett. Ressursen må opp i ein slik kategori for at moglegheitene for lån skal vere til stades. Vi kan ikkje finansiere utan tryggleik for ressursen, seier Schanche.

Internasjonale standardar godkjenner heller ikkje at ein legg saman målt/indikert og antyda malm, men det kan vi gjere her. Totalt sett ser ressursen innanfor utvinningsområde ut til å vere på 231 millionar tonn malm, med eit rutilinnhald som er vesentleg meir enn dei 154 millionar tonna ein antok i 2008.

Desse tala tar utgangspunkt i at ein ikkje vinn ut den malmen som har lågare innhald av rutil enn 3 prosent, kanskje ned til 2 prosent. Dersom Nordic Mining driv effektivt, og dersom prisane held seg høge, kan ein også vinne ut malm med lågare innhald av rutil.

Kan kanskje ta ut meir

Då finst det 125 millionar tonn målt/indikert malm med eit gjennomsnitt på 3,53 prosent rutil. I tillegg kan ein antyde 255 millionar tonn malm med eit gjennomsnitt på 3,22 prosent rutil.

Førebelse overslag viser at drift i dagbrotsfasen kan vinne ut malm med heilt ned i 1,91 prosent rutilinnhald utan å tape pengar. Dersom dette stemmer, kan ein vinne ut meir av malmen med lågt rutilinnhald, og slik nytte større delar av ressursen.

– Alle gruveprosjekt er dynamiske, og utvinningsgraden vil variere med økonomien i prosjektet. Går prisane opp, kan ein vinne ut malm med lågare innhald av verdiminerala. Dette er noko vi vil sjå nærare på i moglegheitsstudien som vi jobbar med no, seier Schanche.

Granat nær halve ressursen

I tillegg til å kunne fastslå meir av rutilressursen, har Nordic Mining no også fått tal på innhaldet av granat.

Om vi brukar målingane på innhald over tre prosent som utgangspunkt, er det målt/indikert 93 millionar tonn malm, der 43,7 prosent er granat.

Det betyr at ein veldig stor del av ressursen er verdimineral, men det er ikkje sikkert at all granaten kan vinnast ut. Noko kan bli øydelagt for å få ut rutilet, og anna kan ha for låg kvalitet i utgangspunktet.

– Ikkje all granat kan bli produkt, for det er spesifikke krav til kornstorleik. Dette må vi optimalisere i moglegheitsstudien, seier Schanche.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken