Gjorde arkeologiske funn der vassleidning til Engebø-prosjektet skal gå

UNDERSØKING: Det blei gravd 24 sjakter mellom Askvoll og Naustdal, kor tre hadde arkeologiske funn.

UNDERSØKING: Det blei gravd 24 sjakter mellom Askvoll og Naustdal, kor tre hadde arkeologiske funn. Foto:

NAUSTDAL: Arkeologar fann tre automatisk freda kulturminne i traséen kor ei vassleidning til Engebø-prosjektet skal gå.

DEL

Den arkeologiske undersøkinga blei gjort i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune denne våren.

Arkeologane undersøkte ein trasé frå Skorva i Askvoll kommune og til Engebø i Naustdal kommune. Her skal det etter planen leggast ei vassleidning til gruvedrifta i Engebøfjellet.

Undersøkinga avdekka tre automatisk freda kulturminne i form av førhistorisk jordbruksaktivitet.

Dette var til dømes dyrkingslag i jorda, ardspor og kokegrop, der enkelte funn stamma frå rundt 1000 år fvt, ifølge rapporten frå undersøkinga.

– Sidan det ikkje er gjort funn av fleire enn tre lokalitetar (eller fem enkeltminne; to dyrkingslag, ei kokegrop, ardspor og eit mogeleg avsviingslag) av vanleg førekommande kulturminne, kan Sogn og Fjordane fylkeskommune sjølv fatte dispensasjonsvedtak for desse, skriv fylkeskommunen i eit brev til Naustdal kommune i juli.

Det betyr at Sogn og Fjordane fylkeskommune kan bestemme om ein får lov å grave i desse områda. Men dette tar dei ikkje stilling til før planen kjem på offentleg høyring, skriv Fylkeskommunen vidare i brevet.

Artikkeltags