Nordic Mining har bestemt seg for å droppe søksmålet mot aksjonistane, etter at dei har komme i land med prøveboringa utan å overstige dei venta kostnadane nemneverdig.

Det opplyser selskapet i ei børsmelding måndag.

Nordic Mining starta prøveboring i Engebøfjellet i byrjinga av februar, og fekk som venta motstand frå aksjonistar med ein gong. Ved fleire høve måtte politiet rykkje ut for å taue vekk aksjonistar som hadde lenka seg fast til arbeidsmaskinene.

I kjølvatnet av dette gjekk bore-selskapet ut og sa dei ville gå til sak mot aksjonistane og krevje erstatning.

Dette stoggar dei no.

– Som følgje av at arbeidet gjekk fort etter at aksjonistane gav seg, vart ikkje det så mykje auka kostnadar. Difor har vi bestemt oss for å la vere å gå vidare med saka mot aksjonistane, så vi slepp å ende opp i lang rettssak, med dei kostnadane som følgjer ei slik, seier Nordic Mining-sjef Ivar S. Fossum.

Har hatt underskriftskampanje

Også Natur og Ungdom har fått med seg at Nordic Mining droppar søksmålet.

Miljøaksjonistane har på si side hatt ein pågåande underskriftskampanje for å stogge søksmålet mot dei. Ifølgje ei pressemelding dei sender ut har dei fått 5900 underskrifter på denne kampanjen.

– Nordic Mining har kanskje forstått dei har eit prosjekt som ikkje toler dagens lys, på den måten er det forståeleg at dei vel å ikkje saksøke aksjonistane, seier andre nestleiar i ungdomsorganisasjonen Magnus Storvoll Strømseth i ei pressemelding.

Avslutta måndag

Måndag vart prøveboring avslutta, etter om lag to månadar med arbied.

Dei har drilla om lag 6400 meter i fjellet, og fått ut det dei sjølv seier er gode kjerneprøver.

Prøvene er no sende inn for å avgjere karakteristikken på fjellet.

– Etter at vi kom tilbake til dei vanlege arbeidsrutinane, har boringa gått fort, seier Fossum i pressmeldinga.