NVE godtar ikkje skredvurdering ved nytt bustadfelt

Sylvdalen: Frode Lundekvam (BT Byggutvikling) og Eiliv Erdal (ein av to grunneigarar) i øvste delen av det som skal bli eit nytt byggefelt.

Sylvdalen: Frode Lundekvam (BT Byggutvikling) og Eiliv Erdal (ein av to grunneigarar) i øvste delen av det som skal bli eit nytt byggefelt. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Direktoratet vil halde på motsegna til det blir laga ny skredrapport.

DEL

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) kom med motsegn til reguleringsplanen for nytt bustadfelt i Sylvdalen i Naustdal.

NVE bad kommunen ordne det slik at skredfaren vart vurdert i ein heilt ny rapport, «utarbeidd av personell med tilstrekkeleg kompetanse til å gjennomføre faresonekartlegging, og i samsvar med NVE rettleiar 8/2014.»

Sjølv om selskapet som har gjort vurderinga har komme med svar på to konkrete manglar, held NVE fast på at skredfaren ikkje er godt nok undersøkt.

NVE meiner rapporten «ikkje kan nyttast til å dokumentere skredfare på reguleringsplannivå.» Direktoratet held difor fast på motsegna og forventar ny rapport før dei kan gå god for bustadfeltet.

Naustdal kommune har bedt utbyggar om å lage ny skredvurdering.

Artikkeltags