Pipebrann spreidde seg - einebustad i brann i Naustdal

BRANN: Politi, ambulanse og brannvesen rykte ut til huset på Hukset i Naustdal laurdag.

BRANN: Politi, ambulanse og brannvesen rykte ut til huset på Hukset i Naustdal laurdag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Måtte skjere hol i golvet mellom etasjane.

DEL

– Klokka 11.06 fekk vi inn melding om pipebrann i ein einebustad på Hukset i Naustdal. Det har truleg vore sprekk i pipene slik at brannen har spreidd seg vidare.

No har brannvesenet meldt om at dei har kontroll, fortel operasjonsleiar Hans Eirik Thue like før klokka 13.

Huset er ikkje bebudd, ifølge politiet, men det var ein person i huset då brannen starta. Han skal vere uskadd.

Ambulanse, politi og brannvesen rykte ut til staden.

Røyk- og vasskader

– Det er ein pipebrann som har utvikla seg til å brann i huset. Brannvesenet jobbar på plassen med å sløkke, seier Espen Rysjedal, vaktleiar ved Alarmsentralen klokka 13.

Ifølge Rysjedal er det store skader på huset.

– Det er både røyk- og vasskader. Brannvesenet har måtte sage ned litt av taket og golvet i andre etasje for å komme til for å sløkke, seier han.

Det var huseigaren som melde frå om brannen.

– Han fekk sløkt noko før brannvesenet kom fram til staden.

Ni stykker frå brannvesenet i Naustdal rykte ut, i tillegg til utrykkingsleiar og overbefal frå Førde.

– Dei trong bistad, så ein brannbil frå Førde kom og bistod med røykdykking. No er dei reist tilbake, og mannskapet frå Naustdal jobbar på staden. Det gjeld å rive resterande for å komme til i etasjeskiljet, og det er litt arbeid med, seier Rysjedal.

GIR ROS: Kåre Toreid, innsatsleiar i politiet, rosar innsatsen til brannmannskapa.

GIR ROS: Kåre Toreid, innsatsleiar i politiet, rosar innsatsen til brannmannskapa. Foto:

Opne flammar inne

Ifølge innsatsleiar Kåre Toreid i politiet var politiet og brannvesenet frå Naustdal på plass ti minutt etter meldinga kom.

– Vi rykte ut til det som var ein pipebrann, som har spreidd seg. Det var opne flammar inne i huset. Brannen blei oppdaga i tide av huseigar, seier Toreid.

Brannen var hovudsakleg i første etasje.

– Brannvesenet har skore hol i golvet opp til andre etasje for å forsikre seg om at det ikkje brann i etasjeskiljet, seier Toreid.

Han rosar brannvesenet for god innsats. Klokka 13.30 var politiet ferdige på staden. Årsaka til brannen skal undersøkast vidare.

– No skal to frå brannvesenet sjekke at det ikkje ulmar nokon stad, seier Toreid.

FERDIGE PÅ STADEN: Klokka 13.30 var politiet ferdige på staden. No skal brannvesenet gå over for å sjekke huset for ulming.

FERDIGE PÅ STADEN: Klokka 13.30 var politiet ferdige på staden. No skal brannvesenet gå over for å sjekke huset for ulming. Foto:

Artikkeltags