– Bloggen min er på ein måte skrive til meg sjølv for fem år sidan. Det finst ein jungel av informasjon der ute om korleis ein kan leve meir berekraftig, men det var vanskeleg å finne noko kort og konsist, på norsk. Det er altfor omfattande for enkeltpersonar å sette seg inn i alle tinga ein kan gjere for å redusere søppelet sitt, vi lev så travle liv, seier Kristine Ullaland.
– Eg kan jo gjere det sjølv
Kristine er aktiv i Studentersamfunnet i Bergen, og i februar fekk ho arrangert eit foredrag med pioneren for null søppel-bevegelsen: Bea Johnson. Etter møtet var det mange som tok kontakt og ville ha meir informasjon.
– Etter foredraget i Studentersamfunnet fekk eg litt ekstra tid og tenkte «Søren òg, eg kan jo berre gjere det sjølv».
Dermed var livsgrunnlaget for bloggen lagt. Han skal fungere mest som ein slags informasjonsportal, ein stad på nettet der den informasjonen du treng for å starte reisa mot ein søppelfri kvardag, er samla. Sjølv om bloggen først vart starta i slutten av april, har Kristine Ullaland lenge vore engasjert i søppelproblematikken.
– Eg er oppvaksen på gard i Naustdal, og mamma har alltid vore opptatt av gjenbruk, og å ta vare på dei tinga ho har. Eg hugsar ho brukte å kjøpe refill av ketsjup på butikken, det trur eg ho var om lag den einaste som gjorde, ler Kristine.
Inn i tida
No har Kristine, og dermed også bloggen, sommarferie. Men til vanleg legg ho ut om lag eit nytt innlegg i veka. Dei tre månadane bloggen har vore aktiv har om lag 10.000 menneske besøkt sida, og mange av innlegga er delt mellom 100 og 300 gonger.
– Eg hadde ikkje forventa så mykje merksemd, det er jo eit smalt tema. Men jammen er det kjekt, seier den medvitne 27-åringen, og legg til at det ikkje berre handlar om søppel, men også å ta vare på helsa og å ete sunt.
– Det viktigaste for meg då eg byrja bloggen var å påverke nokre få til å gjere eit meir berekraftig val. Men no verkar det som det å ta vare på miljøet er litt inn i tida, ingenting er betre enn det.
Ikkje heilt søppelfri
Er det eit slags redd verda-prosjekt?
– Kven vil ikkje redde verda, men eg er realistisk også. Problemet her i Norge er at det verkar som om vi tek makta vår som forbrukarar for gitt. Det er viktig å minne kvarandre på kor mykje makt vi forbrukarar eigentleg har, seier ho, og nemner kampen mot palmeolje som eit eksempel.
Kristine er ikkje like hardcore som pioneren innanfor bevegelsen, og ho er ikkje heilt søppelfri i kvardagen. Ein skal likevel ikkje sjå vekk frå at ho blir det ein dag.
– Vi endrar måten vi lev på heile tida. Håper mitt er å klare å redusere søppelforbruket mitt endå meir, men eg må gjere det på ein måte som er mogleg å gjennomføre, eg skal trass alt leve eit liv også.
Ho fortel at når ein først har fått innarbeida rutinane og gjort dei berekraftige vala til ein del av kvardagen, så er det lønsamt og krev lite tid.
– I dag lagar eg mi eiga såpe, min eigen shampoo og tannkrem. Eg kunne ønske eg hadde byrja tidlegare, så hadde eg kunne levd litt betre på studielånet mitt då eg var student, seier Kristine.
Alle kan redde verda litt
Nokre av tipsa ho kjem på, som er enkle å gjennomføre for vanlege folk, er å velje tøypose framfor plastpose når ein handlar, kaste ting i søppelspann og velje brus på aluminiumsboks eller glasflaske, framfor plastikkflaske.
– Mjukplast kan ikkje resirkulerast mange gonger før kvaliteten er så dårleg at den ikkje kan brukast meir, aluminium kan derimot sorterast 100 %, fortel ho.
Sjølv om mange av dei tinga ho skriv om på bloggen, som til dømes tampongar som startar å rotne etter fire timar i kroppen, norske menn sin dårlege sædkvalitet, og det skyhøge nivået av kunstige kjemikalia vi får i oss kvar dag, kan verke skremmande, ønsker ikkje Kristine å skremme folk til å gjere som ho.
– Eg dømmer ingen for vala dei tek, alle må finne sin eigen veg, og sjølv har eg gått gjennom ein lang prosess for å komme hit eg er i dag. Eg prøvar å fokusere på det vi kan gjere, alle kan nemleg vere med på å redde verda litt.
Makk på rømmen
Kristine har nok gått lengre enn dei fleste av oss for å leve ein grønast mogleg kvardag. Ho lagar til dømes sin eigen makk-kompost, noko som resulterte i eit samarbeid med BIR (Bergensområdets Interkommunale Renovasjonsselskap). Vennar og familie støttar ho i dei grøne vala hennar, men ikkje alle er like begeistra for makk som ho sjølv.
– Mange flirer litt av nokre av tinga eg gjer, og akkurat det med makken, synest mange er ekkelt, ler ho, og fortel om den første makk-komposten ho laga til i ei bøtte ved sidan av kjøkkenet, i kollektivet ho budde i.
– Eg fortalde det ikkje til nokon av dei eg budde saman med, før etter eg flytta ut, det har vi flirt mykje av.
Makken luktar ikkje og komposten blir til ei veldig næringsrik matjord, berre pass på at dei ikkje rømmer.
– Ein gong eg drog heim på juleferie hadde eg sete frå meg behaldaren med makk framfor luftavfukteren, det likte dei ikkje så godt og stakk av. Då eg kom heim låg det hundre uttørka makk utover golvet, men det er einaste gongen dei har rømt, forsikrar ho.