I går vart det kjent via NRK at Fylkesmannen opnar eit hendingsbasert tilsyn med Naustdal kommune, etter at barnevernet i Naustdal sa opp avtalen med Stein Mortensbakke om å vere besøksheim for to barn i kommunen.

I dag ber rådmann Øyvind Bang-Olsen om at Fylkesmannen også ser på saka om den norsk-rumenske familien, som har fått nasjonal og internasjonal merksemd det siste året. Han opnar også for eit meir generelt tilsyn med heile barnevernet.

Reknar med kritikk

Bang-Olsen har opplevd det som vanskeleg å få balanse i saksframstillinga, fordi teieplikta hindrar kommunen og barnevernstenesta i å svare fullstendig på kritikken. Når han no ber om tilsyn, håpar han at det vil komme fram eit meir nyansert bilde, men han reknar også med kritikk:

– Vi har kanskje stått fram som snevre i denne saka, det ønsker vi ikkje. No vil vi ha ein gjennomgang og bli evaluert på ein systematisk måte, og eg reknar med vi må justere oss, seier Bang-Olsen til Firda.

Rådmannen står fast på at barnevernet i kommunen gjer ein god jobb med å skape gode oppvekstvilkår, men seier at det alltid er nye mål å strekke seg etter.

 

Uavhengig gjennomgang

– Vi stiller oss opne og tilgjengelege for å gje informasjon og svare på kritiske spørsmål. Vi må utvikle oss, og vi må stille kritiske spørsmål til oss sjølve.

Bang-Olsen har orientert ordføraren og kontrollkomiteen om at han no ber om tilsyn, og seier han over tid har vurdert internt om eit tilsyn var nødvendig.

Kommunen ber om at det blir utnemnt uavhengige for å evaluere barnevernsområdet, og seier at alt av personell og dokumentasjon vil bli stilt til rådvelde for evalueringa.

– Vi gjer dette for å betre kunne svare våre innbyggarar, og for å kunne lære av måten vi som kommune har handtert dette på, skriv Bang-Olsen i brevet til Fylkesmannen.