– Eg kan stadfeste at barnevernet i Naustdal har meldt ei hending til politiet, men eg vil ikkje gå nærare inn på kva det gjeld, seier Øyvind Bang-Olsen, rådmann i Naustdal.
Kommunen sitt barnevern har hatt mykje å stri med dei siste åra, og har også tidlegare meldt saker til politiet. Sterke kjensleinntrykk er ein del av kvardagen for dei tilsette, men Bang-Olsen meiner dei har heva lista for kva som blir meldt.

Melder grov netthets til politiet
– Negative tilbakemeldingar, både på Facebook og andre kanalar, er ein del av det å vere myndigheitsutøvar. Det må vi lære å takle, samtidig som vi alltid har fokus på det faglege og barna, seier han.
Rådmannen meiner likevel det er nødvendig å finne ut kvar grensa går.
– Eg tenker det er eit viktig tema å diskutere kor langt det skal vere lov å strekke strikken.
Ifølge Dag Fiske, lensmann i Førde og Naustdal, skal ein privatperson ha lagt ut sensitive opplysningar frå sakshandsaminga på Facebook. Det inkluderer namn på sakshandsamarar og politifolk som har vore del av saka. Politimeldinga skal gå på at kommunen meiner privatpersonen ikkje har høve til å dele sensitive opplysningar på nett.
– Førebels er saka sendt til jurist for å vurdere om det er eit straffbart tilhøve. Privatpersonar har i utgangspunktet ikkje tausheitsplikt, seier Fiske.