Tysdag var første dag i straffesaka mot det norskrumenske foreldreparet i Naustdal som er tiltalte for vald mot barna sine.

Då retten vart sett, var ikkje foreldra møtt opp. Advokatane deira, Ingrid Breistein og Ragnhild Torgersen, sa til retten at dei ikkje har informasjon om at fråværet er lovleg.

Tingrettsdommar Gunnhild Grove spurde både aktor Sissel Kleiven og forsvarsadvokatane om retten kunne handsame saka utan dei tiltalte til stades.

Advokatane meinte at det for sakas opplysning er avgjerande at dei tiltalte møter. Kleiven sa seg ikkje usamd, og ville ikkje insistere på at saka gjekk vidare utan dei tiltalte.

Retten trekte seg tilbake for å diskutere saka. Mellom anna var det tema om dei to politiforklaringane som var tatt opp på band kunne vere gode nok til å opplyse saka.

– Retten har komme til at saka ikkje blir fremma i tiltalte sitt fråvær, sa Grove etter pausen, før ho bad aktørane om å møte opp til ein samtale for å fastsette gangen vidare. Så heva ho retten.

Kan ikkje komme til Norge

Det vart ikkje fastsett nytt tidspunkt for straffesaka i dag. Saka blir sendt tilbake til politiet, som til no har hatt problem med å få kontakt med foreldreparet.

– Kva skjer no?

– Vi skal prøve å få fastsett saka på eit seinare tidspunkt, seier politiadvokat Sissel Kleiven.

– Betyr det at det er fare for at saka ikkje blir handsama?

– Nei, det føreset at dei ikkje oppsøker Norge. Så sant dei kjem til Norge skal vi finne eit nytt tidspunkt for saka.

Firda kjenner ikkje til om foreldreparet er i Norge no eller ikkje.

 

Ikkje lovleg fråvær

Advokat Ragnhild Torgersen har tidlegare uttalt til NRK at foreldra sjølvsagt kjem attende til rettssaka. No gjorde dei ikkje det.

– Kvifor møter dei ikkje?

– Eg svarar på spørsmålet på same måte som i open rett. Vi har ingen opplysningar som tilseier at det er lovleg forfall, seier Torgersen.

– Har du ikkje kontakt med din klient?

– Eg forstår at det kan virke slik, men eg seier at vi ikkje har opplysningar som i lovas forstand gir rett til fråvær. Ut over det har eg tausheitsplikt.

Vidare seier ho at ho ikkje har avklart med sin klient om ho kan uttale seg i media om hans kjensle- eller familieliv.