Familien som i fjor vart fråtatt borna sine av barnevernet har også vore etterforska av politiet.
Etterforskinga har tatt tid, men er no ferdig. I mellomtida har foreldra fått borna tilbake i eit forlik med kommunen.

Det norsk-rumenske foreldreparet får borna tilbake
Straffesaker og barnevernssaker har ikkje samanheng. Det kan difor bli tatt ut tiltale sjølv om borna er leverte tilbake.
Politiet kan ikkje seie noko om kva konklusjon dei har trekt, men kan seie at saka er overlevert Statsadvokaten i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane for vurdering.
Det er Statsadvokaten som eventuelt tar ut tiltale mot foreldra som har innrømt bruk av vald i oppdraginga. Det er ikkje kjent når Statsadvokaten vil vere klar med avgjerda.