Gå til sidens hovedinnhold

Det norsk-rumenske foreldreparet får borna tilbake

Artikkelen er over 5 år gammel

NAUSTDAL: Barneverntenesta i Naustdal og dei private partane har blitt einige om ein avtale.

Dette melder Bergens Tidende fredag.

I avtalen heiter det at partane skal samarbeide om hjelpetiltak for foreldra og barna, opplyser advokatfirmaet Stiegler i ei pressemelding, ifølgje NTB.

Advokatfirmaet opplyser at partane ønskjer ro i saka av omsyn til borna.

Foreldreparet har fem born, og tidlegare i vår bestemte Fjordane tingrett at det minste barnet skulle få flytte heim.