Ordføraren tok utfordringa - baka si første kake

STOLT: Håkon Myrvang har baka kake til 17. mai-feiringa i Instedalen. Han avventar tilbakemelding på smaken, men synest bakinga har gått bra. – Det var moro, og det vart ikkje så mykje slubbing heller, seier han.

STOLT: Håkon Myrvang har baka kake til 17. mai-feiringa i Instedalen. Han avventar tilbakemelding på smaken, men synest bakinga har gått bra. – Det var moro, og det vart ikkje så mykje slubbing heller, seier han. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

NAUSTDAL: I år skal det feirast 17. mai i Instedalen. Ordføraren vart utfordra til å bake kake. Han er spent på dommen.

DEL

– Eg var berre nøydd til å legge det ut på nett, for det er første gongen eg har laga ei kake, seier Naustdal-ordførar Håkon Myrvang (Ap)

Bilda av 17. mai-kaka har hausta lovord i fleng. Venene til Myrvang er veldig imponerte.

– Hadde dei ikkje heilt trua?

– Det veit eg ikkje, men det var moro å bake kake. Eg har aldri prøvd dette før, men det vart ikkje så mykje slubbing heller. Det gjekk bra.

Fekk ikkje smake

Det var matnemnda for feiringa i Instedalen som bad Myrvang om å finne fram kokken i seg. Den utfordringa ville han ta.

– Kor du likar ho? spør Myrvang.

– Kaka ser fin ut den, smakar ho godt også?

– Eg sat og lurte på om eg kunne skjere av eit stykke, men eg kunne ikkje komme med ei opna kake, så det får eg ikkje greie på. Skal du smake på denne må du vere i Instedalen, seier Myrvang.

Der skal han leie programmet, men kjem kanskje litt seint på grunn av alt han skal vere med på elles. Uansett satsar han på å rekke suppa, og då skulle han rekke å få med seg kaka også. Sjølv gler han seg til å smake, for han synest valet av ingrediensar er spennande, men mest spent er han nok på responsen frå dei andre.

«Håkon bakar»

– Kva har du hatt i?

– Kan eg røpe det? Du seier det vel ikkje til nokon. Her er vaniljekrem, aprikos, og litt ekstra krem. Eg likar godt krem forstår du, så det ligg bra med krem inni.

Kor vidt Myrvang skal halde fram med å bake, er uvisst. Mykje blir avgjort av responsen i Instedalen.

– Det kjem an på resultatet, men eg ser at eg allereie har fått bestillingar på nett. Og så ser eg at rådmannen i Gaular vil ha TV-program med «Håkon bakar», så det får vi diskutere, seier Myrvang og ler.

Artikkeltags