Vegvesenet rår frå å køyre bil etter klokka 19. Askvoll avlyser politisk debatt

Fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde blir stengd ved Heilevang frå klokka 19.00 onsdag kveld. Her frå eit av fleire ras som tidlegare har gått på vegen ved Hundsåna.

Fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde blir stengd ved Heilevang frå klokka 19.00 onsdag kveld. Her frå eit av fleire ras som tidlegare har gått på vegen ved Hundsåna. Foto:

Askvoll avlyser debatten for å ikkje utsette folk for ras, flaum og stengde vegar.

DEL

– Vi oppfordrar folk om å ikkje vere ute og køyre etter klokka 19.00 i dag. Ein treng ikkje å vere ute og ferdast når det står på som verst.

Det seier Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen etter at det er varsla store nedbørsmengder og fare for flaum og skred onsdag kveld.

Fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde blir stengd ved Heilevang frå klokka 19.00 på grunn av fare for ras, melder Vegvesenet onsdag ettermiddag. .

Vegvesenet er klare til å sette inn ekstra byggherrevakt, og entreprenørane skal vere klare dersom behovet melder seg.

Ein konsekvens av det venta styrtregnet er at partia i Askvoll avlyser den politiske debatten som skulle starte klokka 18.

– Debatten har mange tilreisande, både publikum og politikarar, og ikkje minst var det mange skuleelevar som var påmelde. Når det no er fare for vegstengingar og ras, så har partia blitt samde om å avlyse, seier Gaute Losnegård.

– Det er klart at folk er ekstra på alerten no, etter det som hende i Jølster og Førde, men vi må ta det på alvor, seier han.

Losnegård er ikkje sikker på om det blir tid til å sette opp ein ny debatt før valet 9. september.

– Nei, vi har snakka om det, men det er mange det skal passe for, så vi må berre sjå, seier Losnegård.


Artikkeltags