Varslar om flaum

Artikkelen er over 4 år gammel

NVE varslar om flaum i Sogn og Fjordane.

DEL

NVE varslar om flaum på gult nivå. Det vil seie at ein ventar eit nivå opptil ein femårsflaum.

– Det vil seie at ein ventar at det går omtrent fem år mellom kvar gong det er så mykje vatn i vassdraga, seier Martin Granerød, vakthavande meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet.

I videoen ser du korleis Jølstra ser ut søndag ettermiddag klokka 14.30.

Du veit det er vått, når Torsheimen badar.

Du veit det er vått, når Torsheimen badar. Foto:

Fleire elver i fylket er allereie flaumstore. Kor store dei er, er avhengig av nedbøren. Ifølge NVE vil ikkje indre strøk av fylket vere ramma i like stor grad som resten.

Har du bilde som viser vêr og vind der du er? Send gjerne til oss på redaksjon@firda.no!

– Det kan vere fare for lokal overfløyming og begynnande skader på grunn av raskt aukande vassføring. Det kan komme større flaumskadar lokalt, men det er ikkje eit kritisk nivå, seier Anne Gunvor Berthling, vakthavande hydrolog i flaumvarslinga hos NVE.

Flaum i Jølstra i Førde. NVE med flaumvarsel på gult nivå. Regn, vått, elv, anga, jølstra

Flaum i Jølstra i Førde. NVE med flaumvarsel på gult nivå. Regn, vått, elv, anga, jølstra Foto:

– Pass på kumlokk

– Folk må vere obs på at det kjem mykje vatn, og passe på at kumlokka er klare, så vatnet renn unna, seier Granerød.

Det peikar også hydrologen på.

– Fjern lause eigendelar nær elvar og innsjøar, og reinsk stikkrenner, spesielt i tettbygde område, seier Berthling.

Målinga i Viksvatn i Hestadfjorden er på veg opp, men er førebels ikkje på femårsflaum-nivå, ifølge meteorologen. Også Jølstravatnet nærmar seg grensa.

– Når nedbørsmengdene roar seg i løpet av dagen, kan det søkke, sjølv om vasstanden heng litt etter regnet, seier meteorologen.

Fleire stadar med 50 mm nedbør

Også Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel i fylket. Det gjeld dei store nedbørsmengdene som har komme og som kjem også i dag.

Det siste døgnet har det komme 40–50 millimeter nedbør fleire stadar i fylket. I Hovlandsdalen i Fjaler kom det over 60 millimeter.

– Det har komme ganske mykje nedbør allereie, og det er framleis ganske kraftig nedbør første delen av dagen i dag. Det gir seg litt i ettermiddag og kveld, men så ser det ut som det kjem ei ny bølge i løpet av kvelden og natta, seier meteorologen.

Regn høgt opp

Meteorologen peikar også på at mildvêret gjer at ein del snø har smelta.

Satelittbilde som viser vêret vi no får innover oss.

Satelittbilde som viser vêret vi no får innover oss. Foto:

– Dermed er det ekstra vatn i elvane, i tillegg til nedbøren.

Stikkordet for dei neste dagane er regn.

– Det blir gradvis lågare temperaturar, men det er mildt heilt fram til julaftan og første juledag. Det blir lange periodar med regn, og inni mellom lettare skydekke med byeaktivitet, seier Granerød.

Du må godt opp i fjellet før nedbøren blir snø. I går melde meteorologen at det regna heilt opp i 1500–2000 meter.

– Utover veka vil snøgrensa komme ned til 800 meter og kan hende endå lågare i indre strøk.

Artikkeltags