Fleire snøras i fylket

Artikkelen er over 3 år gammel

Både ved Stryn skisenter og på Filefjell har skigåarar løyst ut snøskred søndag.

DEL

Kvart over tolv fekk politiet melding om eit snøras ved Stryn skisenter.

Kort etter melder politiet at raset er gjennomsøkt, og at ingen vart tekne av raset.

Raset vart utløyst av skigåarar og var kring 150 meter breitt.

Politiet ber skigåarar vise varsemd og ha skredfaren i tankane når dei ferdast i området.

Løyst ut av skigåarar

Litt over klokka eitt fekk politiet i Lærdal melding frå to skigåarar ved Slutenosi på Filefjell. Dei to melder at dei har løyst ut eit skred, men at ingen er tekne av skredet.

Moderat snøskredfare

Ifølgje varslingstenesta Varsom.no er det i dag moderat skredfare i Sogn og Fjordane. Det er nivå to av totalt fem nivå, der det femte er farlegast.

Sunnmøre, Romsdal og Trollheimen vert vurdert til nivå tre, med betydeleg snøskredfare. Der er det fare for naturleg utløyste snøskred, skriv varsling.no.

For Sogn og Fjordane er det større skredfare i nord, mot grensa til nabofylket. Dei som ferdast ute vert råda til å vere forsiktige i leområde med ustabil fokksnø og i soleksponerte brattheng midt på dagen.

Artikkeltags