Kjenner seg tryggare

LUSTER  20150812.
Bilde av smeltevann på Harbardsbreen i Sogn. Bildet er tatt 12. august.
Foto: HYDRO / NTB scanpix

LUSTER 20150812. Bilde av smeltevann på Harbardsbreen i Sogn. Bildet er tatt 12. august. Foto: HYDRO / NTB scanpix Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Det frykta jøkullaupet i Fortundalen ser ut til å vere under kontroll, melder NVE

DEL

- Hydro har god kontroll på jøkulhlaupet fra Hardbardsbreen, skriv dei på nettsidene sine.

- Vasstanden i innsjøen på Harbardsbreen held fram å synke, og det er no frigjort så mykje plass i Fivlemyrdammen at det er liten fare for skadeflaum, heiter det.

Fredag gjekk NVE ut med varsel om skadeflaum i Fortunsdalen. Årsaka var store mengder vatn frå snøsmelting på Harbardsbreen som opa seg opp bak ein ustabil isdemning.

Les også: Isdemning kan breste, ventar kraftfull flaum

Gjennom helga har det vore døgnberedskap, og femti personar har fått varsel om at dei kan verte evakuerte, skulle situasjonen komme ut av kontroll.

Så langt har det gått bra, og regionsjef i NVE, Brigt Samdal, kryssar fingrane for at situasjonen skal løyse seg utan dramatikk.

Slik han ser situasjonen no er vassmengdene under kontroll, takka vere Hydro, som har tappa vatn frå Fivlefyrmagasinet i fleire døgn for å ha noko å gå på i møte med vassmengdene frå breen.

Oversikt om nokre timar

Søndag morgon ventar regionsjefen på nye tal som vil gje ei betre oversikt over kva som er i vente. Då vil dei som no er i beredskap kunne vurdere om dei skal avblåse varselet eller om vatnet framleis vil overgå det nivået magasinet kan handtere.

– Det er ikkje sikkert isdemningen ryker, det har vore det springande punktet. Istunnelen vert større og større, så det kjem meir og meir vatn ut. Utfordringa er å berekne kor mykje som kjem sett opp imot kor mykje ein klarar å ta unna. Her har Hydro gjort ein flot job, seier Samdal.

Han forventar å ha meir oversikt over situasjonen i løpet av dei neste timane.

kart fortunsdalen 

Artikkeltags