Sea King rykte ut til snøskred på Filefjell

Artikkelen er over 3 år gammel

Skispor observert nær skredområdet, men ingen vart tekne.

DEL

SISTE: Klokka 17.40 melder politiet at det ikkje var personar i snøskredet. Aksjonen blir avslutta.

Skredet gjekk rett vest av Tyin-krysset, i nærleiken av Nystyen Fjellhotell søndag ettermiddag. Sea King-helikopteret frå Florø rylte ut.

– Dei rykker ut etter observasjon av eit snøskred og skispor i nærleiken. Det er ikkje melding om folk som er att, men vi rykker ut og undersøker, seier Andreas Bull, redningsleiar ved HRS Sør-Norge.

Meldinga kom inn klokka 15.48. Norske redningshundar er varsla.

– Det er godt med folk der oppe. Skredet er nok litt mindre enn først antatt. No reiser dei opp og undersøker skredet. Det siste eg høyrde var at det er ca 10 breitt og 100 meter langt. Det er ikkje breitt, men har tatt eit stykke nedover, seier Bull.

Sea King-helikopteret var framme på staden klokka 16.35. Lavinehundar er på staden melder HRS Sør Norge. Redningspersonell er på staden. Det melder politiet i Vestoppland.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags