Åtvarar mot å køyre bil

Artikkelen er over 4 år gammel

Fleire vegar er stengde i Sogn og Fjordane.

DEL

Fjaler kommune har sendt ut melding der dei ber innbyggarane om å halde seg heime og ikkje reise eller køyre unødvendig.

Fylkesveg 57 var i ein periode stengd mellom Nishammartunnelen og Dale sentrum etter at ei elv fløymer inn i vegbana.

Klokka 21.20 kunne trafikken igjen passere etter at mannskap har pigga vekk støypekanten på nedsida av vegen.

Fylkesveg 609 stengd

Fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde vert stengt ved Heilevang klokka 18 torsdag kveld, melder Statens vegvesen.

Fredag morgon  opplyser vegvesenet at vegen framleis er stengd, og at det vert gjort ny vurdering klokka 13.00.

Fylkesveg 50 Hol–Aurland stengd

Statens vegvesen melder at fylkesveg 50 over Hol - Aurland er stengd på grunn av uvêret.

På riksveg 13 over Vikafjellet er det innført kolonnekøyring.

Rugsundbrua på fylkesveg 616 i Bremanger vart stengd kl. halv ni torsdag kveld på grunn av sterk vind. Ifølgje trafikkmeldinga til Statens vegvesen gjeld denne stenginga inntil vidare.

Store mengder nedbør

Årsaka til stengingane er dei store nedbørsmengdene som er varsla. NVE har gått ut med varsel om både flaum og jordskred.

Strekninga på fylkesveg 609 mellom Heilevang i Førde og Hestvika i Askvoll er svært rasutsett.

Les også: Fekk kjenne frykta på kroppen og Varslar flaum og skred dei neste 36 timane

Artikkeltags