Treng 8,6 milliardar til sikring

Fv 609 ved Heilevang mellom Førde og Askvoll er eit av skredpunkta. Her er Anne Marie Mandelid, Sveinung Rotevatn, Jenny Følling og Jorunn Eide Kirketeig.

Fv 609 ved Heilevang mellom Førde og Askvoll er eit av skredpunkta. Her er Anne Marie Mandelid, Sveinung Rotevatn, Jenny Følling og Jorunn Eide Kirketeig. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Det er svimlande summar, men eg er veldig glad for at vi får dokumentasjon på kor store utfordringar vi har.

DEL

Slik kommenterer fylkesordførar Jenny Følling tala på kva det vil koste å skredsikre vegane på vestlandet, som Statens vegvesen offentleggjortde måndag.

Det totale behovet for skredsikring i region vest er kostnadsrekna til 22 milliardar kroner. Berre fylkesvegnettet i Sogn og Fjordane vil koste 8,6 milliardar kroner å skredsikre. Med både riksvegar og fylkesvegar sett under eitt, står fylket vårt for kring 40 prosent av skredsikringsbehovet i heile region vest.

Større del til fylket

Midlar til rassikring ligg i ein eigen post på statsbudsjettet, og Følling meiner tala frå vegvesenet må vå følgjer.

– Det dette viser er at både ramma til rassikring må aukast, og at Sogn og Fjordane sin andel må aukast. Når vi har fått dokumentert så store behov må det følgje med midlar, seier ho.

Oversikt: Sjå kart over skredpunkt i alle kommunane i fylket her.

Dei farlegaste først

Modellen Statens vegvesen nyttar i utrekingnane tek utgangspunkt skredpunkt som er kjende i dag.

Desse vert vurdert med ein skredfaktor på høg, middels eller låg ut frå kor ofte det går skred i området, trafikkmengd, stengingar grunna skred og skredfare, omkøyringslengd og fare for naboskred.

På fylkesvegnettet er det registrert 280 skredpunkt. 80 av desse er vurdert til å ha høg skredfaktor.

– For å få gjort noko må vi få mykje meir pengar. Deretter må dei med høgst rasfaktor prioriterast først. No er det Flovegen i Stryn som er øvst på den lista. Fv 609 ved Heilevang er også høgt oppe, seier Følling.

Artikkeltags