Isdemning kan breste, ventar kraftfull flaum

LUSTER  20150812.
Bilde av smeltevann på Harbardsbreen i Sogn. Bildet er tatt 12. august.
Foto: HYDRO / NTB scanpix

LUSTER 20150812. Bilde av smeltevann på Harbardsbreen i Sogn. Bildet er tatt 12. august. Foto: HYDRO / NTB scanpix Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Politiet vurderer evakuering, medan dei ventar på at ei isdeming på Harbardsbreen kan breste. Då vil det gå 6 millionar kubikkmeter vatn mot demninga til Hydro.

DEL

Oppdatert: Hydro melder at dei har kapasitet til å ta unna vatnet dei første timane. Røde Kors stiller no med to mann og ATV som skal varsle turgåarar i dalen. Klokka 17.25 melder politiet at vegen opp til Nørstedalseter er stengd ved Øyane. Hydro tappar no ned vassmagasin.

Snøsmelting på Harbardsbreen kan føre til at det rasar svært store mengder vatn ned i Fortunsdalen i Luster. Dette blir kalla for eit jøkulhlaup og skjer når isdemningar brest.

Politiet i Luster set saman ein lokal krisestab fredag etter varsel frå NVE. NVE-leiar Brigt Samdal er på veg inn i beredskapsmøte då Firda ringer. Han seier at det har vore felthydrologar i området i dag. Dei har gjort observasjonar som tilseier at noko er i emning.

Felthydrologane har observert at vasstanden har gått ned og at det er stor vassføring ut brefronten. Det betyr at jøkulhlaupet truleg går i dag eller i morgon.

6 millionar kubikkmeter vatn

NVE reknar med at det er snakk om emir enn 6 millionar kubikkmeter vatn som kan komme ut på ein gong.

Jøkulhlaup førekjem med ujamne mellomrom og det finst beredskapsplanar for dette.

Konsekvensen for verdiar i Fortunsdalen kjem i stor grad an på kor mykje kraftmagasinet til Hydro kan handtere. Magasinet kan halde om lag 3,5 millionar kubikkmeter, men har mindre kapasitet no enn i 2010. Då det kom eit tilsvarande jøkulhlaup på 5,5 millionar kubikkmeter vatn.

– Det er ingen garanti for at det skjer slik som sist, men då kom vatnet seint i starten før det kom mykje på ein gong, seier Rune Engeset i NVE.

Hydro tappar ned magasinet

Han trur magasinet vil ta unna det meste av vatnet som kjem. Hydro har dessutan opna lukene for å gje meir plass til vatnet som kjem frå breen.

Politiet opplyser kl. 17.25 at Hydro tappar ned magasinet med 35.000 kubikkmeter med vatn per time for å ta imot dei forventa aukande vassmengdene.

kart fortunsdalen

– Tar det på alvor

– Det er vanskeleg å seie akkurat kva konsekvensane kan bli, men om det opptrer som eit vanleg jøkullaup er det snakk om store dimensjonar og kraftfull flaum. Konsekvensen treng ikkje bli stor, men vi tar det på alvor, seier Samdal.

Jøkulhlaupet kan ifølge politiet komme i løpet av kort tid.

Fjærland 2004

Foto:

I 2004 brast ei bredemning i Fjærland. Då kom det store mengder vatn, is og stein, og det såg slik ut nede i dalen.

Foto:

I dette tilfellet var det inga demning i nedkant som kunne ta unna massane.

Firda følgjer saka

Artikkeltags