Varslar flaum og skred dei neste 36 timane

Fredag er det fare for flaum ved elvar og bekkar i fylket. Bildet viser flaum i Førde sentrum. Arkivfoto.

Fredag er det fare for flaum ved elvar og bekkar i fylket. Bildet viser flaum i Førde sentrum. Arkivfoto. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

NVE ber grunneigarar reinse avløp for å hindre øydeleggingar av store nedbørsmengder.

DEL

Det neste halvanna døgnet har vi mykje vått i vente. Prognosane viser at så mykje som 140–170 mm regn kan falle over fylket i løpet av dei neste 36 timane. 

– Det er eit vêrsystem med mykje mild og fuktig luft som er i anmarsj no. Eg ser på radaren at det så vidt har komme inn over kysten no, seier Ida Marie Solbrekke, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Nedbørsmengdene som kjem no er ikkje på line med det verste vi har sett av ekstremvêr, men det er heller ikkje daglegdags. Temperaturen vil stige til 8–10 grader i denne perioden.

– 140 mm nedbør er det same som at 14 tilitersbøtter med vatn vert tømt ut over kvar kvadratmeter, så det er ganske mykje, forklarar Solbrekke.

Tyngst i midtre og ytre strøk

Nedbørsmengdene som er meldt er nok til at NVE går ut med gult varsel om flaum og jordskred for Sogn og Fjordane. Det er særleg ytre og midtre strøk som står i fare for å merke dette.

– Det vert ganske mykje nedbør i løpet av dei neste 36 timane, og med stigande temperaturar vil det også føre til snøsmelting der det er komme nysnø. Alt dette vil føre til at det vert mykje vatn i bekkar og elvar, seier Brigt Samdal, regionsjef for NVE region vest.

Dei store vassdraga er mindre utsett for flaum, sidan magasin ved oppdemte vatn demmer opp for mykje av det som kjem. Det betyr ikkje at den tunge nedbøren ikkje kan gjere skade. 

Viktig å sjekke avløp

– Det er viktig at kommunar, grunneigarar og Statens vegvesen sjekkar sine område og sikrar at rister og liknande ikkje er blokkert av lauv og kvistar. Elles vert resultatet at vatnet tek seg nye vegar, og då får vi dei store, unødige øydeleggingane, Samdal.

Mykje vatn fører også til auka fare for jordskred, særleg i område der det er store lause massar som kan komme i rørsle.

– Det er ein del fare for jordskred utløyst av vassmassane når jorda vert metta av vatn. Akkurat kva geografisk område dette gjeld er vanskeleg å peike ut, men vi følger med på situasjonen, seier Samdal.

Truleg snø laurdag

Godt nytt er at det laurdag skal vere slutt på det tunge regnvêret.

– Seint fredag kveld skal regnet gå over til byer. Natt til laurdag søkk temperaturen, og når eit nytt vêrsystem då kjem inn med meir nedbør er det truleg at dette fell som snø, seier Solbrekke.

Lenger fram torer ikkje meteorologen spå.

–Vêret frå og med søndag ettermiddag veldig usikkert. Prognosane spriker veldig, seier Solbrekke.

Artikkeltags