Dette skjer om du misser kontroll på bålet ditt

Lyngbrann på Bjørnset. Arkivfoto.

Lyngbrann på Bjørnset. Arkivfoto. Foto:

DEL

Det generelle bålforbodet trer i kraft måndag 15. april, men i Flora og Bremanger har det vore totalforbod mot brenning sidan torsdag som følge av det flotte vêret vi har hatt den siste tida, skriv Firdaposten.

Forbodet inkluderer også grilling, også i strandsona. Det kan vere vanskeleg å innfinne seg med at det ikkje er lov no når ein gjerne brukar mykje tid ute og tilhøva elles verkar perfekte for både grilling og bråtebrenning. Men det lønnar seg, bokstaveleg tala, å halde seg til lovens bokstav. For om du bestemmer deg for tenne opp likevel, må du belage det på at ingenting blir dekka av forsikringa om det går gale.

Innfører totalforbod mot open eld 

Dessutan kan du straffast med bot eller fengsel, pluss at du blir erstatningspliktig. Uforsiktig omgang med eld er den hyppigaste årsaka til skogbrann.

Det er likevel nokre unnatak frå det lokale totalforbodet; det er tillate å gjere opp eld der den openbert ikkje kan medføre brann – som til dømes på etablerte bålplassar, grilling på eigen altan og andre stader som er heilt trygge.

Artikkeltags