13 skular skal forske på kunstgras

KUNSTGRAS: Fleire fotballbaner i Sogn og Fjordane har kunstgras. Denne ligg på Atløy.

KUNSTGRAS: Fleire fotballbaner i Sogn og Fjordane har kunstgras. Denne ligg på Atløy.

Artikkelen er over 2 år gammel

NATUR: I Sogn og Fjordane har 13 skular meldt seg på forskingsprosjektet som 20 000 elevar skal delta i.

DEL

Denne veka startar «Forskningskampanjen 2017», og i år skal elevar frå heile landet undersøke korleis det står til på kunstgrasbanene i sitt nærområde og sende inn data til forskarane.

– Med Forskningskampanjen kan elevane bidra til ny kunnskap, og dei får eit innblikk i korleis forsking føregår. For forskarane betyr elevane sin innsats at dei får henta inn data det elles ville vore vanskeleg å skaffe. Vi synest det er supert at så mange elevar har meldt seg til å gjere denne viktige jobben, seier John-Arne Røttingen, administrerande direktør i Noregs forskingsråd i ei pressemelding.

I september og oktober skal over 20.000 elevar frå heile landet forske på kunstgras og på dei små gummiknottane som finn vegen vekk frå bana og ut i naturen.

Elevane skal undersøke kva slags gummiknottar det er på nærmaste bane, korleis det ser ut rundt bana og kor mykje gummiknottar som blir med klede og sko etter at dei har spelt fotball.

Forskningskampanjen

  • Forskningskampanjen vert arrangert kvar haust i forbindelse med «Forskningsdagene».
  • Forskningskampanjen skal gje barn og unge innblikk i korleis forsking foregår og gi elevar ei moglegheit til å bidra til forsking som er viktig for samfunnet.
  • Elevane skal samle inn data forskarar har bruk for.
  • Forskingskampanjen er eit samarbeid mellom Forskningsrådet, Miljolare.no og eit forskningsmiljø som skiftar frå år til år.
  • Tidlegare tema for Forskningskampanjen har blant anna vore meitemark, skulemat, innetemperatur og skyer.

Artikkeltags