Kjøtmeis og blåmeis er i fleirtal

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

NATUR: Årets hagefuglteljing er over. Sjekk kva fugl som er mest vanleg å sjå i din hage.

DEL

226.000 fuglar vart registrert i årets hagefuglteljing. Aldri i teljinga si historie har det blitt registrert så få fuglar som i år.

I gjennomsnitt var det 48 individ til stades på fôringsplassane, dette er ein nedgang på fire sidan 2016. Det treng likevel ikkje å bety at det er mindre fugl. Dei høge januartemperaturane og lite snø, gjer at fuglane finn mykje mat ute i naturen.

Sjå fuglestatistikken for din kommune til høgre.

Lite gulsporv, mykje kjøtmeis

Teljinga varte frå 21. januar til 5. februar, og viste at det berre er halvparten så mykje gulsporv som i 2010. Dette er også trenden for tidlegare år.

Derimot har kjøtmeis og blåmeis hatt framgang i år, etter total svikt i ungeproduksjon sommaren 2015. Så langt er det registrert kjøtmeis på 95 prosent av fôringsplassane – altså nesten 40.000 fuglar. I Sogn og Fjordane vart den registrert på 97 prosent av fôringsplassane.

Det vart også registrert dyr i hagane under hagefuglteljinga. Nesten kvar fjerde fôringsplass får besøk av ekorn, men også innslag av rådyr, elg og hjort i tillegg til mange kattar som jaktar på småfugl. Nokre hadde også besøk av mår.

Artikkeltags