Kåt hjortebukk jaga Stian opp i eit tre

OVERRASKA: Denne bukken kom farande mot Stian Berger då han gjekk tur i Gaular.

OVERRASKA: Denne bukken kom farande mot Stian Berger då han gjekk tur i Gaular. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Det var skremmande der og då, men dagen etter gjekk eg ein ny tur i området, fortel Stian Berger med latter i stemma.

DEL

Hendinga den naturglade karen opplevde denne veka, står ikkje tilbake for noko.

For kven ventar vel å komme inn på ein brunstig og klar hjortebukk som har funne fram til to hjortekoller?

– Eg skulle gå ein tur eg ofte brukar å gå, opp til Grønefjellet i Gaular. Då eg kom opp ei skråning, såg eg to hodyr springe avgarde. Deretter fekk eg auge på bukken, seier Berger.

Skulle berre ta eit bilete ...

Med seg på turen hadde Berger eit fotoapparat, klar for å forevige dei motiva han skulle komme over. Som ein hjortebukk, med hovudet heilt andre stadar enn forbipasserande fotturistar.

– Så eg tok opp kamera for å ta bilete av han, men eg greidde ikkje få fokus på bukken. For då eg såg gjennom kameraet, kom han byksande mot meg, seier Berger.

Denne bukken kom farande mot Stian Berger då han var å gjekk tur i Gaular.

Denne bukken kom farande mot Stian Berger då han var å gjekk tur i Gaular. Foto:

... vart jaga opp i eit tre

Heldigvis for Berger hadde han stilt seg opp ved sida av eit tre.

– Så eg klatra opp. Det var tilfeldig at eg stod der, men det var like greitt å komme seg opp. Eg forsøkte å ta nokre bilete av bukken etter eg var kommen opp, men med stativ og det heile let det seg ikkje gjere. Bukken stilte seg opp nokre få meter frå treet, og stod der og grynta og såg seg rundt i 3–4 minutt, fortel Berger.

– Eg kom sikkert litt brått på dei. Det kan hende han trudde eg skulle ta damene hans, seier Berger og ler.

Men at det var denne tida av året var det liten tvil om, for etter kvart som Berger fekk summa seg og klatra ned frå treet, kjende han den skarpe brunstlukta som hang igjen etter bukken.

– Vart du redd då bukken kom byksande mot deg?

– Det var skremmande der og då. Eg såg på bileta eg tok at dei ikkje var heilt i fokus – så eg var nok litt prega av adrenalin. Men det stogga meg ikkje frå å gå ein tur dagen etter og, seier Berger, som er busett på Sande.

Møtte bukken igjen

Og som ved førre høve, då han kom opp i området, var den same bukken på plass.

– Men denne gongen passa eg på å lage meir lyd på veg opp. Så då såg eg han ligge roleg i området, reise seg opp og gå vekk. Så det var nok berre det at eg kom brått på som gjorde at han kom byksande, seier Berger.

Han fortel at han høyrde godt brølinga frå fleire bukkar i området.

– I ettertid er det moro å få slike opplevingar i naturen.

Og som om ikkje det var nok: Det var ikkje berre ein hissig hjortebukk som heldt til i området. For seinare greidde nemleg Berger å få festa det som etter alle solemerke er ein kvitryggspett  (Ekstern lenke) på bilete. Det er ein fugl som står som nært trua på raudlista. Så opplevingane kom tett denne veka.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken