Dømt for kjøp, bruk og oppbevaring av narkotika

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Ein mann i 50-åra frå Sunnfjord vart i Fjordane tingrett førre fredag dømt for kjøp, bruk og oppbevaring av narkotika. Den dømte er tidlegare straffa for narkotikalovbrot.

I juni 2015 vart han dømt til 24 dagar i fengsel på vilkår, med ei prøvetid på to år. Det vart derfor førre veke sett ein samla dom for dei to forholda. Mannen vart dømt til 60 dagar fengsel på vilkår, med ei prøvetid på to år. Han fekk også ei bot på 5000 kr.

Artikkeltags