Få kvinner deltek i innovasjonsprosjekt – no skal dei løftast fram

Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRINGSLIV: «FixIT» skal gje verksemder opplæring i korleis ein kan tenke og handle for å få fleire kvinner med på laget.

DEL

– Eg har jobba med tema som dette i meir enn 20 år, men oftast i forsking, og sjeldan i prosjekt som har vore så retta mot handling og å skape endring som det «FixIT» skal gjere. Det er kjekt.

Det seier Hilde G. Corneliussen ved Vestlandsforsking.

– Eit paradoks

«Kvinneløftet FixIT» skal bidra til å auke deltaking frå kvinner i forskings- og innovasjonsfeltet i Sogn og Fjordane og Hordaland. Spesielt Forskingsrådets program FORREGION, som skal mobilisere næringslivet til forskingsbasert innovasjon.

– Den låge kvinnedeltakinga i programmet reflekterer innovasjonsprosjekt generelt, særleg fordi innovasjon ofte vert knytt til teknologiutvikling, som er eit fagfelt der kvinner utgjer eit mindretal, seier Gilda Seddighi, som er ein av ekspertane på temaet ved Vestlandsforsking.

Dette er eit paradoks, meiner Seddighi.

– Sidan forsking har vist at eit meir balansert miljø der også kvinner deltek, gir gevinstar.

Finansiert av forskingsrådet

«FixIT» skal gje verksemder opplæring i korleis ein kan tenke og handle for å få fleire kvinner med på laget.

– Det er viktig at begge kjønn er med på å utvikle løysingar som både menn og kvinner skal bruke på ein god måte, seier Anne-Mette Hjelle, kommunikasjonsdirektør ved Lotteri- og stiftelsestilsynet og leiar for IT-forum Sogn og Fjordane.

Prosjektet vert finansiert av Forskingsrådet, og samarbeidspartnarar er: Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet, IT-forum Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Girl Geek Dinners i Førde og Bergen og Oda-nettverket for «kvinner i tech» avd. Bergen.

Artikkeltags