Nektar å betale over million etter Moods gjekk konkurs

Kjeda Barnas Hus er dømd til å betale over ein million etter Moods of Norway gjekk konkurs i 2017, skriv NRK

DEL

Kleskjeda Barnas Hus bestilte varer for 2,7 millionar hos Moods of Norway. I 2017 gjekk klesprodusenten frå Stryn konkurs, med ei gjeld på 112 millionar kroner.

I Oslo tingrett blei Barnas Hus dømde til å betale over ein million kroner til konkursbuet, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Vil anke

Men Barnas Hus er ikkje nøgde med at dei ikkje fekk alle kleda dei bestilte frå Moods og nektar å betale for varene dei har fått. No vil dei anke dommen, skriv NRK.

– Dei har øydelagt marknadsverdien på merkevara Moods of Norway gjennom sal til andre kundar til sterkt reduserte prisar, hevda Barnas Hus i retten.

Lite pengar

– No er det så vidt eg veit ikkje sendt inn nokon anke endå. Vi meiner jo at dommen frå tingretten er rett og at det er ein god og grundig dom. Ein anke vil jo forlenge buhandsaminga, seier bustyrar Asbjørn Løvik til NRK.

Han fortel at det ikkje er store pengesummar att til alle som hadde pengar til gode då Moods gjekk konkurs.

– Midlane vil gå til dei prioriterte kreditorane. Det vil først og fremst seie lønsgarantifondet som har forskottert løna til dei tilsette. Dei andre kan ikkje rekne med å få noko, slår Løvik fast.

Nye butikkar

Torsdag denne veka starta Moods opp att butikken sin i Stryn, informerer NRK.

Styreleiar i selskapet, Jan Egil Flo, vil ikkje gi nokon kommentar til NRK om det som no skjer med konkursbuet.

Artikkeltags