Har du eit godt norsk ord for dette?

No kan du vere med å bestemme kva det norske ordet for kontaktlaus betaling skal vere.

No kan du vere med å bestemme kva det norske ordet for kontaktlaus betaling skal vere. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Alle gjer det. Fleire gonger dagleg. Men til no har vi ikkje hatt eit godt norsk ord for å betale kontaktlaust. Det kan du gjere noko med.

DEL

– Det norske språket har rundt 300 000 ord, likevel er det eitt ord vi manglar. No spør vi heile Norge og alle som betalar med kort om hjelp. Vi treng å finne eit godt ord for å betale med kontaktlause kort, seier kommunikasjons- og marknadssjef Frode Riis Andersen i BankAxept.

Han forventar at veksten i tal kontaktlause betalingstransaksjonar vil fortsette med auka styrke, og at fleire butikkar og kjeder vil aktivere sine betalingsterminalar for kontaktlaus betaling.

– Dette gir eit tydeleg skifte i bruken av digitale betalingsløysingar i Norge og legg samtidig grunnlaget for innføring av kontaktlaus mobilbetaling, seier Frode Riis-Andersen.

Kvar dag bruker dei fleste nordmenn betalingskortet opptil fleire gonger. Då flyttast pengar frå ein konto til ein annan, og 8 av 10 kjøp vert i dag gjort med BankAxept.

– Folk betalar kontaktlaust kvar einaste dag, men til no har vi ikkje hatt eit norsk ord for det vi gjer. Derfor treng vi eit norsk ord for sjølve betalingsforma, forklarer Riis-Andersen.

For å bli med å bestemme kva kontaktlaus betaling skal heite, kan du stemme på nettsida nyordet.no, som er oppretta for å finne det nye ordet. (ANB)

Artikkeltags