Lerumsyltetøy skal tilbake til Rema 1000

TILBAKE: Rema 1000 skal begynne å selje Lerum-syltetøy igjen.

TILBAKE: Rema 1000 skal begynne å selje Lerum-syltetøy igjen. Foto:

Av

Etter to år borte frå Rema 1000-hyllene, blir syltetøy frå Lerum å finne der i mai.

DEL

– Me har jobba hardt for å komme inn igjen, og er glade for at Rema 1000 gir oss sjansen, seier Trine Lerum Hjellhaug, administrerande direktør i Lerum, til Sogn Avis.

For to år sidan satsa Rema 1000 på færre produkt, som del av strategien dei kalla bestevenn. Då rauk i tillegg til Lerum-syltetøy også merkenamn som Hansa og Mack.

Før Lerum-syltetøyet blei tatt vekk frå Rema 1000, hadde Lerum ein marknadsdel på syltetøy på 29 prosent. I fjor var delen på 24.

– Me tapte ikkje så mykje som me trudde. Det betyr at me har gjort det rimeleg bra der me var med, seier Hjellhaug.

Saft frå Lerum har heile tida vore til sals hos Rema 1000. I tillegg har filialane i Sogn og Fjordane og i Bergen selt syltetøyet deira.

Artikkeltags