Tøffare tider for småbryggeria

TØFF BRANSJE: Mikrobryggeria har vorte mange dei siste åra. No melder DN at fleire av dei slit med økonomien.

TØFF BRANSJE: Mikrobryggeria har vorte mange dei siste åra. No melder DN at fleire av dei slit med økonomien. Foto:

Av

Underskot, stopp i utviklinga og tøff konkurranse frå dei store ølprodusentane gjer at mange mindre ølprodusentar kjempar for livet.

DEL

Etter fleire år med vekst i talet på mindre ølprodusentar, varslar bransjen at utviklinga er i ferd med å snu.

– No kjem konkursskredet, seier Eivind Haalien, kategorisjef for lokalmat og spesialitetar i Norgesgruppen til Dagens Næringsliv. Han viser til at det har vore eit tosifra tal konkursar dei siste åra.

Utrekningar avisa har gjort viser at småbryggeri registrert som aksjeselskap i fjor selde øl for nærare 600 millionar kroner. Over 300 aksjeselskap og fleire hundre andre føretak driv med produksjon av øl.

Bransjen sjølv ser at folk er metta på nye øltypar.

– Folk er lei det overhypa ølet. Alt kan ikkje gå til himmels, seier dagleg leiar Pål Pettersen i Fredrikstad-bryggeriet Nøisom. Han peikar på at 2018 blei eit annus horribilis for heile bransjen og meiner bransjen står over for ein korrigering.

Oversikta til DN fortel at to av tre aktive småbryggeri som har levert rekneskap taper pengar. Vidare aukar underskotet for småbryggeria med nesten 40 prosent i fjor.

22 bryggeri selde øl for over fem millionar kroner i fjor. I tillegg er det mange lokale bryggeri som kjempar for tilværet.

For dei to produsentane frå Sogn og Fjordane som er nemnt i DN si oversikt, såg tala slik ut:

Kinn bryggeri AS hadde driftsinntekter på 25,3 millionar i fjor. Det gav eit resultat før skatt på 2,1 millionar, og ei positiv endring på 0,7 prosent frå året før.

Ægir Bryggeri AS hadde 19,6 millionar kroner i driftsinntekter i 2918. Bryggeriet frå Flåm enda derimot opp med eit negativt driftsresultat på 1,1 millionar kroner før skatt. Minustala til trass, så var resultatet ein framgang på 13,4 prosent frå 2017.

Artikkeltags