Dagleg leiar Gro Rukan ser ingen problem med å bruke «awesome» som signalord, når organisasjonen som skal vise fram arbeidsplassane i fylket og drive rekrutteringsarbeid for næringslivet, møter potensielle tilflyttarar på karrieremessene i Trondheim og Bergen.

– Vi tykkjer ordet «awesome» er dekkande, fordi vi har så mange spennade bedrifter å vere stolte av. Dette er også eit ord som blir mykje nytta av P3-Ronny, som er ein av våre fremste unge nynorskformidlarar i media. Det er også ei språkdrakt som t.d. Kjartan Lauritzen, som skal vere med på messene, kan kjenne seg att i. «Awesome» er eit uttrykk ungdommen kjenner, seier Rukan.

Sognandfjording

Tidlegare har Framtidsfylket nytta slagord som «Don't be a donkey #beasognandfjording» og «Don't get trapped #beasognandfjording».

Ho avviser at det ligg noko nedvurdering av nynorsken i det Framtidsfylket her gjer:

– Den gongen vi laga «Åtgaum»-arrangementet på Youngstorget i Oslo, var bruken av dette nynorske ordet nettopp ein del av stopeffekten under marknadsføringa. Vi brukar bevisst nynorsk i marknadsføringsmaterialet vårt, men vi likar å leike med orda, seier ho.

 

– Sogn og Fjordane er fremste nynorskfylket i landet. Nynorsken er identiteten vår. Kvifor kan ein ikkje då snakke nynorsk til folk ein ønskjer å få hit?

– Det gjer vi då også, både på nettsidene og i magasina våre. Eg trur vi formidlar identitet, men vi må våge å skilje oss ut. Vi brukar ikkje fjord og fjell som profilering, men at her finst karrieremoglegheiter: Her i fylket blir du sett. Vi ser også at arbeidet vårt gir resultat, t.d. i talet på traineestillingar.

– Men blir ikkje uttrykk som «awesome» og «don't be a donkey» eigentleg eit litt pinleg fjortisspråk?

– Tykkjer du det? Eg tykkjer det er humoristisk. «#beasognandfjording» kling nokså godt. Tilbakemeldingane er positive, og arbeidet vi legg ned blir lagt merke til.

– Sogndal profilerer seg med «stao no pao» og «bygdi og badl», og kallar seg ikkje for «Sun Valley». Kva er dei sogndølene ikkje har forstått i marknadsføringa si?

– Sogndal er kjempedyktige på marknadsføring, og vi ser på dei som eit førebilete. Det handlar om å skilje seg positivt ut. Vi er opptekne av å leike med ord, og vi er medvitne på å bruke nynorsk, seier Gro Rukan.

Lomheim lite imponert

Tidlegare direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, applauderer ikkje:

– Eg er veldig lite imponert over kreativiteten. Det at dei kallar seg sjølv noko så lite originalt som Framtidsfylket, imponerer meg like lite, seier han.

Han har denne kommentaren til dei engelske slagorda:

– Det å bruke nokre engelske taggar, gjer ikkje inntrykk på ungdommen. Dette er ikkje noko teikn på at ein er i front og har noko å fare med. Det er mangel på originalitet, seier Lomheim.

Norskdosent Jan Olav Fretland har denne kommentaren:

– Ein kan treffe godt, om ein blandar språk. Men ofte blir ein så framoverlent at ein får nasen i marka.