No kjem den sjette 4H-garden i Sogn og Fjordane

SKAL FEIRE: Søndag 17. juni inviterer Tonje Terøy til open familiedag på Soldalen Besøksgard i Florø.

SKAL FEIRE: Søndag 17. juni inviterer Tonje Terøy til open familiedag på Soldalen Besøksgard i Florø. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORA: Søndag 17. juni inviterer Soldalen Besøksgard i Flora til open dag for å feire godkjenninga som 4H-gard.

DEL

– Tidlegare i vår fekk besøksgarden Inn på tunet-godkjenning, og no har den blitt godkjend 4H-gard, fortel Tonje Terøy, dagleg leiar ved Soldalen Besøksgard, i ei pressemelding.

Terøy sjølv er utdanna kokk og ridelærar, med spesialkompetanse innan riding for funksjonshemma. Ho har tidlegare drive rideskule og spisestad, og jobba som støttekontakt.

Ho starta jobben med å skape ein besøksgard i 2016 og gav staden ei totaloppussing.

– Eg ville vidareføre gardsdrifta på familiegarden til mannen min. Håpet er å kunne tilby ein alternativ læringsarena som kan gje meistringskjensle og livsglede, uttalar Terøy i pressemeldinga.

(Saka held fram under bildet)

IDYLL: Den nye 4H-garden tilbyr mange aktivitetar for barn og unge.

IDYLL: Den nye 4H-garden tilbyr mange aktivitetar for barn og unge. Foto:

 

Positiv effekt på menneske

Ho planlegg å ha open gard ein søndag i månaden, samt tundag kvar søndag, der alle som vil kan komme og nytte tunet på garden.

– Vi tek og imot besøkande til bursdagar og andre arrangement, gruppebesøk frå skular og barnehagar og tilbyr ridetimar og gardsveker i feriane. Samværet med dyra har ein kjend positiv effekt på oss menneske, og dette er noko eg vil dele med så mange som mogleg, uttalar Terøy.

På garden har dei mange forskjellige dyr å vise fram.

– Vi har ein amerikansk minihest. Ho er for liten til å bli ridd på, men vi brukar ho som turkamerat og kosehest. Når eg har bursdagsfeiringar her så pleier vi å ha eit lite minishow. Ho kan mellom anna gje hov og hoppe opp, så det er ganske populært, fortel Terøy.

Utanom dette har dei fleire ponniar, hestar, eit miniesel, ein katt, kaninar, høner, geiter og to alpakka på garden.

– Den eine alpakkaen trur vi skal få cria (avkom) i august. Eg kjøpte dei begge drektige, men det ser ut til at den eine har mista. Så det blir spennande tider når den andre skal føde, seier Terøy.

Takksam for responsen

Ho har to tilsette på garden.

– Dei jobbar litt alt ettersom kor mykje arbeid det er her. Utanom det så har eg nærmare 20 frivillige som hjelper meg med forskjellige ting.

Terøy fortel at utfordringa for framtida blir å ha nok kundar til at økonomien blir berekraftig for dei.

– Vi lever jo av besøkande som betalar, til forskjell frå dei fleste gardar som har inntekta frå matproduksjon. Eg er svært takksam for den gode responsen frå Florø-folket. Det er veldig mange smil å sjå blant dei besøkande på garden, og det gler meg stort, seier Terøy.

Artikkeltags