No er Fjord1 verd 4,4 milliardar

BØRSRAKETT: Fjord1.

BØRSRAKETT: Fjord1. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRINGSLIV: Fjord1-aksjen aukar bratt i verdi. Onsdag nærmar selskapet seg å være verd 4,4 milliardar kroner.

DEL

Sogn og Fjordane fylkeskommune selte, gjennom to transaksjonar i 2016 og 2017, 59 prosent av aksjane i Fjord1 til Havilafjord AS for 1,2 milliardar kroner.

Fjord1 la tysdag morgon fram eit driftsresultat for tredje kvartal på 302 millionar kroner. Dette var ifølge Dagens Næringsliv sine kommentatorar betre enn dei fleste analytikarar hadde venta seg. Aksjen har auka over 40 prosent i verdi sidan børsnoteringa i mai. Onsdag vart aksjen omsett for 43,80 per aksje, noko som verdset heile selskapet til 4.38 milliardar kroner.

Følling: – Gode nyheiter

Fylkesordførar Jenny Følling var ein sterk tilhengarar av å selje fylkeskommunen sine aksjar.

Eit halvt år etter det siste salet ville fylkeskommunen sin aksjepost med dagens kurs vore verd 2584 millionar kroner.

– Det er bra at selskapet går godt og kan ruste seg for å møte framtida, seier fylkesordførar Jenny Følling i dag.

– For det skal gjerast store investeringar for å fornye heile ferjeflåten med nye elferjer dei kommande åra. Det vil medføre investeringar i storleik 3–4 milliardar kroner. Difor er det godt dei tener pengar. Det å børsnotere selskapet er ein måte å reise naudsynt kapital, noko fylkeskommunen ikkje kunne ha gjort. Der det er høg avkastning er det og høg risiko. Kommunesektoren skal ikkje utsette seg for ein slik risiko. Denne verdiauken er bra for selskapet, det er bra for arbeidsplassane og det er bra for å skape vekstkraft i selskapet, seier Følling.

– Betre og betre kjøp

Styreformann Vegar Sævik i Fjord1 konstaterer at kjøpet Havilafjord gjorde berre blir betre og betre:

– Ja, det ser bra ut, det gjer det. Marknaden set jo og pris på tala vi leverer, seier han.

Han trur framgangen vil halde fram:

– Vi forventar at vi fortsett skal klare å halde fokus på god drift og gjennom det levere gode tal også i framtida. Godt arbeid frå alle dei tilsette er grunnlaget for dei tala vi leverer.

Elferjer er eit kjempestort løft, ikkje minst miljømessig, seier Sævik:

– Det blir jo no gjort i ein skala som det ikkje er gjort før. Det blir store grunninvesteringar, men fordelen med ferjedrift er at ein har langsiktige kontraktar med ein god motpart som kompenserer for dei investeringane ein gjer.

Artikkeltags