Havila-Sævik må selje for å slette gjeld

Sidan børsnoterina i 2014 har Per Sævik i Havila opplevd eit verdifall på 425 millionar. No må han selje unna verdiar grunna gjeld.

Sidan børsnoterina i 2014 har Per Sævik i Havila opplevd eit verdifall på 425 millionar. No må han selje unna verdiar grunna gjeld. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Eit lån på 410 millionar kroner må betalast eit år før tida, og gjer til at Per Sævik må selje unna verdiar i Havila.

DEL

Det skriv Dagens Næringsliv i onsdagsutgåva.

Der går det også fram at nokre deltakarar i Havila Holdings obligasjonslån på 410 millionar meinar lånet er misleghalde.

Andenæsgruppa AS er blant obligasjonseigarane som står bak varselet, noko dei stadfestar til DN. Andenæsgruppa er ein stor eigar i Torghatten-gruppen som har kjøpt Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i Fjord1.

Les også: Sævik-selskap kan bli teke av bankane, – Vi burde blitt informert om Havila-tilbodet, og – Vi burde blitt informert om Havila-tilbodet «Sel til Torghatten»

Havila Holding er medeigar i Fjord1, og har protestert på fylkeskommunen i Sogn og Fjordane sitt sal av sin aksjepost til Torghatten.

– Det er forskjellige kryssande interesser som er bakteppet for saka, seier Sævik til DN om misleghaldsvarslelet.

Les også: Sævik: «Er det trøbbel dei ønskjer, skal dei få det»

Sævik: Lånet vil bli innfritt innan kort tid

Per Sævik på si side, reknar med å innfri lånet om kort tid, og i ein epost til DN melder han at han er i dialog med bankar.

Til nettstaden Nett.no uttalar Sævik at dei har vore førebudd på denne situasjonen, og at dei har «selt ein del "assets" » for å kunne betale.

DN meiner å vite at Sævik har selt fiskebåten «Artus» til reiarlaget Kings Bay i Fosnavåg. Havila Holding hadde 24,5 prosent av aksjane i båtens eigarselskap Brattholm Invest. Dette salet blir stadfesta av Kings bay Kyst AS, som derimot ikkje vil ut med noko kjøpssum.

Kursen rasar

I tillegg til gjeldsslettinga peikar Dagens Næringsliv også på at verdien av Havila Holdings aksjar i rederiet Havila Shipping og skipsverftet Havyard har falle markant.

Sidan børsnoteringa i 2014 har verftsaksjen falle frå 33 kroner til 3,30 kroner. Det er ifølgje DN eit verdifall på 424,7 millionar.

Artikkeltags