Ove sett inn annonse i avisa og ville levere båtar 100 mill billigare enn konkurrentane

OGSÅ REIAR: Ove Vilnes møtte her eit av sine nybygg "Arctic Fjord". No fokuserer han på brønnbåt-utvikling.

OGSÅ REIAR: Ove Vilnes møtte her eit av sine nybygg "Arctic Fjord". No fokuserer han på brønnbåt-utvikling. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

– Inspirert av REMA 1000 sette eg inn annonse i FiskebladetFiskaren om at vi kan levere gode, moderne brønnbåtar langt billegare enn alle andre.

DEL

Det fortel dagleg leiar i Artic Shipping, atløyningen Ove Vilnes. Ikkje lenge etter ringde Alf Helge Aarskog, sjefen i verdas største oppdrettselskap Marine Harvest, skriv Firdaposten.

– Eg vart invitert inn på kontoret i Sandviken i Bergen for å forklare korleis vi kan levere gode, moderne brønnbåtar 100 millionar kroner rimelegare enn andre. Det har vore ein veldig prisgalopp i laksebransjen. Dei nyaste brønnbåtane  i dag er nesten like dyre som supplybåtar til oljebransjen., fortel Vilnes.

Det viste seg at han har meir på lager enn berre å vere stor i kjeften. Artic Shipping bygde seg opp på å utvikle kreative teknologiske løysingar for bulktransport av fiskefôr i samarbeid med Ewos og dåverande direktør Ernst Strøm ved Florø-fabrikken. Det revolusjonerte den delen av transportbransjen og løysingane er i dag blitt standard for alle leverandørar.

For eit par år sidan begynte Vilnes og Artic Shipping å interessere seg også for brønnbåtbransjen. I tillegg til ideen om enklare og billegare løysingar, såg dei moglegheitene også for ei vidaretvikling.

Artic Shipping har skrive kontrakt på leveranse av to brønnbåtar til Marine Harvest, melder iLaks.  Prislappen er på 225 millionar kvar.

– Vi har enklare løysingar på bygginga og vi har fått med oss Seacon i Måløy til å vere konstruktør. Dei har erfaring med å bygge kompakte fiskebåtar og utnytte små flater. Seacon har funne plass til anlegget som produserer ferskvatn og sjøvatn med ein kapasitet på heile seks millionar liter dagleg, fortel Vilnes. 

Produksjon av ferskvatn om bord er viktig i samband med behandling mot lakselus. Då slepp brønnbåtane å forflytte seg for å få ferskvatn om bord frå andre kjelder.

Artic Group

CEO Ove Vilnes har over 30 års fartstid innan shipping og skipsbygging. Reiarlaget Artic Shipping blei starta i 1989 for å drive med stykkgodstransport. 

I 1993 gjorde dei sin første avtale med Ewos og i 2003 bygde dei i samabeid med Ewos det første skipet "Artic Fjord" for bulktransport av fiskerfôr. Fram til då hadde transport av fiskefôr blitt gjort med pallar med småsekkar eller med "bigbag".

Flåten består i dag av "Artic Junior",  "Artic Fjell", "Artic Lady", "Artic Senior" og "Artic Sea Service". Den siste er eit reint servicefartøy for laksebransjen.

Selskapet har i dag ein eigen skipsdivisjon- som jobbar med utvikling og sal av nye skip. Frank Tore Eide (tidlegare Solund Verft" og Kjartan Vilnes jobbar med det.

Artic Shipping er entreprenør. Dei sørger for bygging på eit polsk verft. Seacon i Måløy er konstruktør og Enrwa leverer tekniske løysingar for varleg og effektiv behandling av oppdrettsfisken.

Båtane er 76 meter lange og har ei breidde på 15 meter. Første båt blir levert i første kvartal 2018 og den andre på sommaren.

Artikkeltags