NSB og Fjord1 startar nytt selskap saman

ALLIERER SEG MED NSB: Fjord1-toppsjef Dagfinn Neteland framfor den nye batteriferja Gloppefjord på strekninga Anda-Lote.

ALLIERER SEG MED NSB: Fjord1-toppsjef Dagfinn Neteland framfor den nye batteriferja Gloppefjord på strekninga Anda-Lote. Foto:

NÆRINGSLIV: Vil utvikle nye destinasjonar saman.

DEL

NSB-konsernet og Fjord1 har gjort intensjonsavtale om å etablere eit nytt reiselivsselskap, som dei skal eige 50 prosent kvar, melder selskapa i ei pressemelding.

Dei siktar på å etablere selskapet rundt 1. mars 2019.

Skal samarbeide med lokale

– Målsettinga er å etablere ein sterk sals- og marknadsføringsportal som skal marknadsføre Norge som ein miljøvennleg reiselivsdestinasjon også internasjonal, seier Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1, i pressemeldinga.

Det nye selskapet skal utvikle nye destinasjonar over heile landet og investere i nye konsept sjølv, og saman med lokale aktørar, skriv dei.

– Turistane som kjem til Norge følger ofte ei kjend turistrute. Det gjer at det kan bli ganske trong enkelte stader. Samtidig er det mange turistperler som ikkje får like mange besøkande. Vi ønsker saman med lokale aktørar å utvikle nye berekraftige destinarsjonar og reiselivsaktivitet heile året, skriv konserndirektør for mobilitet og reiseliv Synne Homble i NSB.

NSB og Fjord1 samarbeider allereie om pakketurar gjennom «Norge i eit nøtteskal», som blir selt gjennom FjordTours AS. Dette kjem dei til å halde fram med, skriv dei i pressemeldinga.

– Det nye reiselivsselskapet vil halde fram med å selje pakkereiser gjennom FjordTours, seier Synne Homble.

– Vi trur på samarbeid

Dagfinn Neteland seier til Firda at han meiner Norge manglar eit stort selskap som skal gje turistane det beste Norge har å by på.

– I gamle dagar sat alle på kvar si tue og markedsførte seg sjølv. Vi trur på samarbeid. Difor har vi godt saman med NSB og målet er å bli den store reiselivsmotoren i Norge.

Fjord og fjell fristar mange turistar. Difor trur Neteland at kombinasjonen mellom dei to selskapa kan slå godt an.

– NSB kan buss og tog, medan vi kan sjø. Det er naturleg at vi slår oss saman for å tilby det beste Norge har å by på. Vi har klokkartru på at dette blir bra!

Artikkeltags