Tone og Bjørn tok over garden. No får dei pris for alt dei har fått til der

PRIS: Ekteparet Bjørn Vike og Tone Rønning starta verksemd 29-2 Aurland AS i 2014. Verksemda har fått innpass i den såkalla «high-end»-marknaden og vender seg til ei betalingsvillig, velutdanna og sprek kundegruppe som søker «soft adventure»-opplevingar i det unike fjell- og fjordlandskapet i Indre Sogn. Dei skreddarsyr pakkar og turar der dei ofte sjølve er guidar og serverer økologisk og lokal mat.

PRIS: Ekteparet Bjørn Vike og Tone Rønning starta verksemd 29-2 Aurland AS i 2014. Verksemda har fått innpass i den såkalla «high-end»-marknaden og vender seg til ei betalingsvillig, velutdanna og sprek kundegruppe som søker «soft adventure»-opplevingar i det unike fjell- og fjordlandskapet i Indre Sogn. Dei skreddarsyr pakkar og turar der dei ofte sjølve er guidar og serverer økologisk og lokal mat. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FYLKET: Ekteparet Tone Rønning Vike og Bjørn Vike fekk Bedriftsutviklingsprisen for reiselivsverksemda 29-2 Aurland.

DEL

Reiselivsverksemda 29-2 Aurland AS vil gje dei besøkande minne som helst ikkje set spor i naturen. Verksemda får Bedriftsutviklingsprisen i Sogn og Fjordane, skriv Innovasjon Norge i ei pressemelding. Sjå faktaboks nedst i saka.

I år er det seks år sidan ekteparet Tone Rønning Vike og Bjørn Vike og familien flytta frå Bergen til Aurland og overtok familiegarden. Dei har foredla den gamle bygningsmassen på garden gjennom restaurering, ombygging, påbygg og nybygg. Alt er utført med kvalitet og stor kreativitet, men med respekt for det gamle. I dag tilbyr dei ei eksklusiv oppleving for turistar som er ute etter ei anna oppleving i ein spesiell natur.

FEKK PRIS: Ekteparet Vie fekk i dag Bedriftsutviklingsprisen for si verksemd av Innovasjon Norge. F.v. Karen Marie Hjelmeseter, Jenny Følling, Bjørn Vike og Tone Rønning Vike.

FEKK PRIS: Ekteparet Vie fekk i dag Bedriftsutviklingsprisen for si verksemd av Innovasjon Norge. F.v. Karen Marie Hjelmeseter, Jenny Følling, Bjørn Vike og Tone Rønning Vike. Foto:

Starta i 2014

– Då vi selde huset vårt i Bergen og slo oss ned her i Aurland i 2012, hadde det ikkje vore tradisjonell drift på garden på nærmare 30 år. Vi er «moderne» bønder — vi driv ikkje med dyr, men brukar garden sine ressursar på ein ny måte: elvefiske, kjøkkenhage, stølsbesøk, kulturformidling, og sist, men ikkje minst, held vi liv og lys i husa, seier ekteparet i pressemeldinga. Dei har drive garden sidan 2014.

Gardshotellet er lokalisert ved Aurlandselva i Nærøyfjorden Verdsarvpark, der ekteparet driv med overnatting, servering og opplevingar i naturen. Alt tek utgangspunkt i ressursane på garden og nærområdet, i samarbeid med andre lokale aktørar. Verksemda har eit stort fokus på berekraftig reiseliv.

FRILUFTSAKTIVITETAR: Verksemda satsar på aktivitetar som fotturar, sykling, roing. Visjonen til 29-2 Aurland AS er at Aurland skal verta verdas «vandrarhjarte», meir enn ein cruisedestinasjon, står det i pressemeldinga

FRILUFTSAKTIVITETAR: Verksemda satsar på aktivitetar som fotturar, sykling, roing. Visjonen til 29-2 Aurland AS er at Aurland skal verta verdas «vandrarhjarte», meir enn ein cruisedestinasjon, står det i pressemeldinga Foto:

Vil fremje den lokale kulturen

29-2 Aurland AS har hatt ein god omsetningsvekst sidan oppstarten i 2014, ifølge Innovasjon Norge. Verksemda fokuserer på å utnytta lokale ressursar og fremje den lokale kulturen.

– Tanken vår om berekraftig turisme inneber at vi skal sette små fotavtrykk i Verdensarvområdet og at turismen skal komme lokalmiljøet til gode, seier Tone Rønning Vike.

– 29-2 Aurland er ei reiselivsverksemd som verkeleg tek vertskapsrolla si på alvor, dei set kunden i fokus og leverer unike opplevingar som gjestene seint vil gløyme. Vertskapet har eit medvite forhold til kven dei vender seg til og har difor eit fokus på autentisitet og matopplevingar som treff kundegruppa, i tillegg til berekraft og kvalitet som ligg til grunn for alt dei gjer. Vi er stolte over å ha samarbeidd med Tone og Bjørn i 29–2 Aurland, seier Kristine Kopperud Timberlid, avdelingsleiar i Innovasjon Norge Vestland.

Fakta om bedriftsutviklingsprisen i landbruket:

  • Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.
  • Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressursar.
  • Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner.
  • Dei fylkesvise vinnarane deltek så i den nasjonale konkurransen om 250 000 kroner.
  • Den nasjonale prisen vert delt ut under Grüne Woche i Berlin i januar 2019.

Artikkeltags