No skal dei norske verdsarvfjordane bli utsleppsfrie

CRUISESKIP: Innan 2026 skal alle skip som skal segle inn verdsarvfjordane vere utsleppsfrie.

CRUISESKIP: Innan 2026 skal alle skip som skal segle inn verdsarvfjordane vere utsleppsfrie. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITIKK: Norge er første landet i verda med krav om utspleppsfri innsegling.

DEL

Torsdag vedtok Stortinget at cruiseskip – og ferjer skal segle utsleppsfritt i norske verdsarvfjordar så snart det er teknisk mogleg, og seinast innan 2026.

Vedtaket vil gje positive ringverknadar for lokalbefolkning, turist- og reiseliv, miljø- og klima, og for maritim bransje, meiner Marius Holm, leiar for miljøstiftinga ZERO.

– For første gang i verda kjem det krav om utsleppsfri innsegling i fjordane og hamnene der. Norge har lenge leia an i verda med utsleppsfrie ferjer drive fram av gode politiske vedtak om nullutsleppskrav. No tek vi eit nytt steg innanfor det grøne skiftet til sjøs, som gjev global gjenklang. Nasjonalt vil dette gje verdifull utvikling av utsleppsfrie løysningar på mange turistskip, vi kuttar store klimagassutslepp, og vi stoppar skadeleg lokal luftforureining, seier Holm i ei pressemelding.

Dagleg leiar i næringsklynga NCE Maritime CleanTech, Hege Økland, seier vedtaket får stor betydning for bransjen.

– Bruk av den offentlege innkjøpsmakta i ferjeanboda, der det blir stilt strenge krav til energieffektivitet og utslepp har gjort at Norge har ein verdsleiande maritim leverandørindustri på låg- og nullutsleppsløysingar. Dette vedtaket kan sikre posisjonen til industrien vår innanfor dette området, slik at norsk næringsliv blir styrka, arbeidsplassar blir skapt og at vi kan bidra til gode løysingar globalt.

Vedtaket inneber i praksis at alle turistskip som går i trafikk langs Norges kyst allereie frå i dag må planlegge for utsleppsfri innsegling. Eksisterande skip må leggast til rette for elektrisk framdrift med batteripakkar og/eller hydrogen. Fleire nye skip har, eller planlegg slike løysningar. I tillegg må det leggast til rette for landstraum i hamnene slik at skipa kan lade når dei ligg til kai.

Artikkeltags