Byrjar i ny jobb som advokat

BLIR JURIST: Sveinung Rotevatn har vore utan jobb sidan Ventre forsvann ut v regjeringsmakta. No skal han byrje i Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange DA (SANDS).

BLIR JURIST: Sveinung Rotevatn har vore utan jobb sidan Ventre forsvann ut v regjeringsmakta. No skal han byrje i Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange DA (SANDS). Foto:

JOBB: Sveinung Rotevatn går til Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange DA

DEL

Tidlegare stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn, gjer no ferdig jusstudiet sitt, og går frå politikken og inn i forretningsjussen.

Det skriv nettstaden rett24.no.

Onsdag kunngjorde advokatfirmaet SANDS at den nyleg avgåtte stortingsrepresentanten vil gå inn som fullmektig frå nyttår.

– Eg driver akkurat no og fullfører masteroppgåva mi i rettsvitenskap, og har sida stortingsvalet tenkt på forskjellige ting eg har lyst til å gjere. Men eg har komme til at eg har lyst til å prøve å jobbe med faget mitt, så når tilbodet kom fra SANDS vart eg glad for det, seier Sveinung Rotevatn til nettstaden.

På spørsmål om kva han skal jobbe med i selskapet, svarar Rotevatn at han vil bli knytt til avdelinga som handterer M&A og finans (Fusjonar og overtakingar, journ.anm).

Rotevatn sat på Stortinget frå Sogn og Fjordane i perioden 2013 – 2017, i Arbeids- og sosialkomitéen. Han er også tidlegare leiar for Unge Venstre, samt kommunestyrerepresentant i Eid kommune.

Managing partner i SANDS, Ernst Ravnaas, er ikkje bekymra for at Rotevatn enno ikkje er masterutdanna jurist. Han trur det vil å fint.

– Det å forstå politiske og departementale prosessar er ein viktig kompetanse i arbeidet med transaksjonar og omstruktureringar. Slike prosessar har ofte politiske implikasjonar, seier Ravnaas.

Artikkeltags