– Åtte personar har i løpet av fredagen okkupert boremaskinene på Engebøfjellet, opplyser Gaute Eiterjord i Natur og Ungdom.
Dei åtte var delt på to skift, og det var det siste skiftet på fire personar som vart henta av politiet i 18-tida og frakta til Førde lensmannskontor.
Ifølgje Natur og Ungdom sette Nordic Mining i kveld opp store industrielle gjerde ved anleggsvegenopp til Engebøfjellet.
Tre personar er bøtelagde to gonger
– Dette er femte dagen med aksjonar for å hindre arbeidet. Så langt har 23 personar aksjonert, og 16 er blitt arrestert og bøtelagt, opplyser Eiterjord.
Han reknar med at det samla nivået på bøter no vil vere 220.000 kroner. Tre personar vil vere bøtelagde to gonger.
– Vi tapar store summar på aksjonistane. Summane aukar for kvart minutt dei sit på maskinane, seier Ivar Fossum, administrerande direktør i Nordic Mining.
Her kan du og lese Sp-leiar Erlend Herstad si åtvaring til dei yngste aksjonistane.