NRK Sogn og Fjordane og Firda stakk av med årets presseprisar

VINNARANE: F.v: Marie Havnen og Astrid Iren Solhem Korsvoll (Firda), Odd Helge Brugrand (NRK Sogn og Fjordane) og Hanne Stedje (Sogn Avis).

VINNARANE: F.v: Marie Havnen og Astrid Iren Solhem Korsvoll (Firda), Odd Helge Brugrand (NRK Sogn og Fjordane) og Hanne Stedje (Sogn Avis). Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

MEDIA: Sogn og Fjordane journalistlag heidra laurdag medlemmene med festmiddag og prisutdeling.

DEL

Denne helga heldt Sogn og Fjordane journalistlag årsmøte der mellom anna prisar for beste nyheit, reportasje og bilde vart delt ut. 

I kategorien nyheit fekk Odd Helge Brugrand i NRK Sogn og Fjordane prisen for dekninga av det interne arbeidsmiljøet og uroa i Helse Førde.

Juryen skriv følgjande: «Dette er ein serie nyheitssaker som samla, og til dels også enkeltvis, er døme på god undersøkande journalistikk. Sakene avslører mellom anna eit betent arbeidsmiljø og uro mellom leiing og tilsette i ei stor og viktig verksemd – i dette tilfellet Helse Førde. Nyheitssakene sette over ein periode på nesten eitt år dagsorden både i nyheitsbildet i Sogn og Fjordane og internt i helseføretaket. Vinnarsaka er eit godt døme på grundig og tolmodig gravande journalistikk som får konsekvensar».

– Kreativt handverk

Også Firda sine journalistar, Marie Havnen og Astrid Iren Solheim Korsvoll, kunne juble over å ha blitt tildelt årets reportasjepris for saka om Airlift-ulukka: «14.10.1996. Den aller mørkaste natta».

«Dette handlar først og fremst om menneske som brått vart råka av ein katastrofe. Dei står fram og fortel personlege og såre historier frå ein tung fase i livet. Dramaturgien i reportasjen er vellukka, og bildematerialet godt. I tillegg blir potensialet både i tekst, foto og grafikk teke ut gjennom djerv bruk av spalteplass og gjennomført stø redigering. Språket er enkelt, klart – og neste lytefritt. Vinnarreportasjen er eit framifrå og kreativt journalistisk handverk like frå planlegging til sluttprodukt», skriv juryen.

Årets jury har vore samansett av tidlegare redaktør og mangeåring journalist, Rune Timberlid, Ingvill Drægni i Drammens Tidende og Siri Kleiven Strøm i TV2.

Set likestilling på dagsorden

Dei gav også heiderleg omtale til Christina Cantero og Marianne Solheim Rotihaug i Fjordenes Tidende, for å ha sett likestilling på dagsorden. Dei har så langt skrive 65 nyheitssaker og reportasjar har sett søkelys både på skeiv fordeling og kvinner sin plass i samfunnet. Samstundes dreg dei opp bruken av kvinnelege kjelder i avisa.

ÅRETS BILDE: Matylda Obara (7) og Ingrid Ljøsne (12) sørgjer over at Ljøsne skule blir lagt ned. Juryen skriv dette om bildet: «Med eit enkelt bilde fortel fotografen ei historie om kor viktig skulen er for borna, og kor vondt og skremmande det kan vere å miste den. Styrken i bildet er at du umiddelbart vert sett inn i situasjonen elevane finn seg i, og du får god forståing for korleis dette vert opplevd av elevane. I vidare fortolking kan også bilde seie noko om korleis det kan opplevast for barn når vaksne tek avgjerder som får store konsekvensar».

ÅRETS BILDE: Matylda Obara (7) og Ingrid Ljøsne (12) sørgjer over at Ljøsne skule blir lagt ned. Juryen skriv dette om bildet: «Med eit enkelt bilde fortel fotografen ei historie om kor viktig skulen er for borna, og kor vondt og skremmande det kan vere å miste den. Styrken i bildet er at du umiddelbart vert sett inn i situasjonen elevane finn seg i, og du får god forståing for korleis dette vert opplevd av elevane. I vidare fortolking kan også bilde seie noko om korleis det kan opplevast for barn når vaksne tek avgjerder som får store konsekvensar». Foto:

Hanne Stedje i Sogn Avis fekk prisen for Årets bilde under årsmøtet. Juryen bestod av Silje Katrine Robinson i Bergens Tidende, frilansfotograf Lene Sørøy Neverdal og pressefotograf og tidlegare leiar i LO Media, Nicholas Kippenbroek.

Fotojuryen gav også heiderleg omtale til Bent Are Iversen i Firda for bildet av Jan Herstad i Naustdal.

«Bildet er humoristisk, underleg og godt komponert. (...) Komposisjonen i bildet og anonymiseringa inviterer lesaren inn i ei historie vi ikkje kjenner slutten på. (...) Det er herleg å sjå humoristiske og utradisjonelle bilde på trykk i avisene, det burde vi ha sett oftare», skriv juryen.

Dette bildet av Jan Herstad i Naustdal fekk heiderleg omtale under Sogn og Fjordane journalistlag sitt årsmøte.

Dette bildet av Jan Herstad i Naustdal fekk heiderleg omtale under Sogn og Fjordane journalistlag sitt årsmøte. Foto:

Artikkeltags