Stenger «Oro» for godt på grunn av helsa

ILLUSTRASJONSFOTO: MeisterkokkenTerje Ness utanfor ein restaurant på Aker Brygge i Oslo.

ILLUSTRASJONSFOTO: MeisterkokkenTerje Ness utanfor ein restaurant på Aker Brygge i Oslo. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

OSLO: Stjernekokk Terje Ness har vore sjukemeld sidan januar. No stenger han dørene på Michelin-restauranten sin.

DEL

Det var Finansavisen som først melde at restauranten blir lagt ned.

– Å drive ein restaurant som Oro krev mitt nærvær 100 prosent. Elles er det ikkje nokon vits, skriv Ness i ei melding til Dagbladet.

Fjerna svulst

I ei melding til Dagbladet seier han at han har fjerna ein godarta svulst, og at han framleis er sjukemeld og under utgreiing. Han har no vore sjukemeld sidan januar, kjem det fram.

– Vi er blitt einige om ei styrt avvikling der gardeigar tar over leigekontrakten på grunn av at eg har vore sjukemeld veldig lenge og er det framleis, skriv Ness til Finansavisen.

Hadde Michelin-stjerne

Ness har tidlegare vunne den prestisjefylte kokkekonkurransen Bocuse d'Or i 1999. Oro hadde også ei Michelin-stjerne under Ness, som han mista i 2005. I fjor fekk restauranten ein «Bib Gourmand»-utmerking av matguiden, som blir gitt til restaurantar med vellaga mat til rimeleg pris.

Til Dagbladet skriv han at han no ønsker å satse fullt på spesialcatering til private selskap etter kvart.

– Eg ønsker å vie all mi tid til å følge opp og utvikle ein veksande og spennande marknad for eksklusive cateringtenester, samt drive kursverksemd/konsulent når eg er klar for det, står det i meldinga til Dagbladet.

Artikkeltags