– Også industrispionasje på Vestlandet

Av

NÆRINGSLIV: Det skjer industrispionasje mot vestlandsbedrifter sjølv om ein ikkje høyrer så mykje om det. Mange selskap vel å halde tett om det av frykt for å tape omdømme, seier sikkerheitsekspert til Bergens Tidende.

DEL

– Trusselbiletet mot bedrifter på Vestlandet er noko heilt anna i dag. Informasjonstjuveri er mykje meir vanleg enn det dei fleste er klar over, seier sikkerheitsekspert Kjetil Daatland til avisa. Han er rådgivar og senior­konsulent i det internasjonale selskapet BDO, som har over 74.000 tilsette.

Daatland fortel at trusselaktørane kan vere profesjonelle organisasjonar på oppdrag frå styresmaktene, men også amatørar som jobbar åleine.

Motiva er mange og ­metodane oppfinnsame. ­Digital spionasje er den mest vanlege forma for spionasje i dag.

Bedriftene kan gå på potensielt store tap dersom dei ikkje førebur seg, meiner Daatland.

– Vestlandsbedrifter innan fisk, offshore og petroleum, reiser gjerne mykje til høgrisikoområde for spionasje og andre truslar. Når tilsette brukar PC-en og telefonen her, er avstanden ofte kort frå teleoperatørane til tryggingstenesta hos framande makter.

Men lekkasjar kan også skje på seminar i her i Noreg.

– Trusselaktørane kartlegg gjerne kven som er til stades. Dei kan også prøve å sosialisere seg inn. Du må gjerne mingle og vere ein god ambassadør for bedrifta. Men ver forsiktig med å kva du seier til kven. Det er fort gjort å bli ein ufrivillig «insider», seier Daatland.

Og stadig fleire angrep er retta mot ­underleverandørar.

– Industrispionasje har dermed blitt aktuelt, også for bedrifter som trur dei ikkje er interessante for utanlandske industrispionar. Derfor er det viktig å ha kontroll på heile leverandørkjeda, seier Kjetil Daatland til Bergens Tidende.

Artikkeltags