Vita jaktar på nye eigarar – butikkane held ope

LEITAR: Bustyrar leitar etter nye eigarar til Vita-kjeden.

LEITAR: Bustyrar leitar etter nye eigarar til Vita-kjeden. Foto:

Bustyrar håpar å finne nye eigarar.

DEL

– Vi jobbar på spreng for å finne ein kjøpar. Butikkane held opne medan forhandlingane går føre seg, seier Tom Hugo Ottesen til Aftenposten.

Han er blitt oppnemnt som bustyrar for Cosmetic Group, og jobbar no med å finne nye eigarar.

Det var måndag at Cosmetic group, som står bak kjeda som Vita og Loco, slo seg konkurs. Drifta i 207 franchisedrivne Vita-butikkar med i alt 1000 tilsette som har ein usikker framtid.

I fylket er det fire butikkar som kan bli råka av denne konkursen, to i Førde, ein i Florø og i ein i Sogndal.

Firda har vore i kontakt med butikkane i Førde, som begge held ope tysdag.

– Det er interessesenter der ute som vi skal begynne å snakke med. Vi håpar at vi kan finne ei løysing med dei. Det er fleire interessentar, så vi jobbar på fleire plan, seier Ottesen til Dagens Næringsliv.

Ifølge Ottesen skal dagens eigarar ikkje vere blant dei interesserte.

Ottesen seier til DN at krava mest truleg vil vere på ein stad frå mellom 500–600 millionar kroner og oppover, basert på omfanget av verksemda.

Artikkeltags