Lastebil hamna i vatnet: – Det heile skjedde veldig fort, så sjåføren er litt skjelven

Hamna i vatnet: Lastebilen hamna i vatnet ved Juklestad mellom Ålhus og Årdal i Jølster. Uhellet har skjedd i samband med arbeid på E 39.

Hamna i vatnet: Lastebilen hamna i vatnet ved Juklestad mellom Ålhus og Årdal i Jølster. Uhellet har skjedd i samband med arbeid på E 39. Foto:

JØLSTER: I samband med vegarbeid på E 39 har ein lastebil hamna i vatnet. Fredag føremiddag vart vegen stengd medan bilen vart teken på land.

DEL

Ein lastebil har hamna i vatnet ved Juklestad ved Jølstravatnet fredag morgon. 

Politiet har ikkje fått melding om hendinga.

 – Vi har fått telefonar frå Firda og NRK, men inga anna melding om kva som har skjedd. Vi har vore i kontakt med dei andre naudetatane, som heller ikkje har fått melding. Dermed reknar vi med det ikkje er snakk om ei ulykke med personskade, seier operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt.

Anleggsarbeid

Det er anleggsarbeid på staden og lastebilen høyrer til ein entreprenør som jobbar der. 

Svein Reidar Dale, prosjektleiar for E39, kjenner til hendinga, men veit ikkje årsaka.

– Det er ingen personskade, seier Dale til Firda.

Han er på veg til Juklestad.

– Vi veit ikkje årsaka til at lastebilen har hamna ut i vatnet, så vi må undersøke litt før vi kan seie meir om hendinga, seier Dale. 

Firda sin journalist på staden har vore i kontakt med tilsette som jobbar langs E39. Ingen av dei kan uttale seg om kva som har skjedd.

Sjåføren krabba ut styrehuset

Entreprenøren var i gang med ei ny fylling i vatnet då uhellet skjedde 08.21 fredag morgon. 

Arbeidet med den vesle fyllinga var nettopp komme i gang og det var tippa nokre få lass då uhellet skjedde. Dette forklarar Svein Reidar Dale, som no er framme på staden og har fått vite kva som har skjedd. 

– Sjåføren har forklart at han rygga seg bak og var i gang med å tippe eit nytt lass. Då kjente han at massen under køyretøyet gav litt etter.

Sjåføren var nesten ferdig med å tippe lasset då lastebilen seig bakover. Den stoppa i botnen, medan heile styrehuset stod rett opp i lufta. 

– Sjåføren fekk opna døra og kom seg ut, seier Dale.

Mannen kom seg uskadd frå hendinga.

– Men det er klart at det ikkje var noko hyggeleg oppleving. Det heile skjedde veldig fort, så det er klart han er litt skjelven etterpå. Han blir godt teken vare på.

Ikkje uvanleg

Dale vil no sjå på hendingsgangen for å finne ut kva som er årsaka til uhellet.

– Vi må høyre meir med sjåføren av lastebilen og gravemaskina. Vi kan ikkje dra nokon konklusjonar enno, men vi må finne ut om bilen kom for langt bak under rygginga eller om det er andre årsaker. 

– Er det uvanleg at slike hendingar skjer?

– Det er ikkje uvanleg at det skjer hendingar på eit anlegg. Sjølv om prosedyrane er gode og slikt ikkje skal skje, så jobbar vi med element som vatn og stein.

Det er gjort grunnundersøkingar i vatnet. Det er registrert kor mykje muddermasse på botnen som må fjernast før det blir fylt på stein, forklarar Dale.

– Vi har gode prosedyrar for alt, men det viser seg at ting kan skje uansett.

Arbeidstilsynet blir ikkje varsla sidan det ikkje var personskade, seier Dale, men legg til at dei vil følge saka vidare.

Artikkeltags