Matstova fekk Bedriftsutviklingsprisen i landbruket

FEKK PRIS: Matstova AS i Stryn fekk bedriftsutviklingsprisen tysdag. F.v. fylkesordførar Jenny Følling, Ruth Guddal, Oddrun Guddal og Frank S. Guddal. T.h. Jakob Andre Sandal i hovudutval for næring og kultur.

FEKK PRIS: Matstova AS i Stryn fekk bedriftsutviklingsprisen tysdag. F.v. fylkesordførar Jenny Følling, Ruth Guddal, Oddrun Guddal og Frank S. Guddal. T.h. Jakob Andre Sandal i hovudutval for næring og kultur. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

STRYN: Matstova AS er tildelt Innovasjon Norge Sogn og Fjordane sin Bedriftsutviklingspris for landbruket for 2017.

DEL

Det blei klart tysdag.

Prisen blir tildelt med bakgrunn i at Matstova AS er ei bedrift som har vore eit føregangsdøme i fylket når det gjeld utvikling og satsing på kortreist mat. Prisvinnaren har vakse mykje dei siste åra og har vorte ein betydeleg arbeidsplass lokalt, der neste generasjon i familien no har overteke og vidarefører det som grunnleggjaren, Ruth Guddal, har bygd opp. Det skriv Innovasjon Norge i ei pressemelding.

Dei peikar på at gjennom utviklinga av bedrifta har prisvinnaren også vore eit føregangsdøme i kafe- og serveringsbransjen med å promotere menyar og tilbod av lokalmat.

– Dette er spesielt viktig i ein stor reiselivsregion som Nordfjord. Bedrifta har også hatt stor fokus på samarbeid på utveksling av kompetanse og har t.d. hatt lærlingar på Gloppen Hotell, skriv Ann Elisabeth Tveit i Innovasjon Norge.

Bedrifta kan vise til god vekst både i omsetning og lønsemd.

– Dette har dei greidd gjennom hardt og målretta arbeid ved å halde på og vidareutvikle gode relasjonar både til sine kundar og samarbeidspartar, skriv Tveit.

I dag har bedrifta 16 tilsette fordelt på ni årsverk.

Barnebarnet driv vidare

Ruth Guddal har med utgangspunkt i ein gard med sauehald, over mange år bygd opp eit bakeri som tilleggsnæring til garden, med produksjons- og serveringsverksemd og med base på Fosnes i Oppstryn og seinare ei serveringsavdeling i Stryn. Det har heile tida vore ei familiebedrift med mor, og etter kvart dotter og svigerdøtrer. Barnebarnet Frank Sanchez Guddal fører no denne bedrifta trygt vidare.   

Matstova AS fyller kriteria som er lagt til grunn for Bedriftsutviklingsprisen i landbruket fullt ut, skriv Innovasjon Norge.

Målretta arbeid med bygging av bedrifta steg for steg, kundefokus, nettverk og samarbeid har vore oppskrifta for etableringa og utviklinga av bedrifta.

Fekk 50.000 kroner

Avgjerda i juryen var samrøystes. Prisen er på kr 50.000 og blei delt ut av juryleiar og leiar i hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter, under opninga av Fylkestinget i Florø tysdag 17. oktober.

Som prisvinnar i Sogn og Fjordane går Matstova AS vidare som kandidat til Innovasjon Norge sin nasjonale Bedriftsutviklingspris.

FRÅ SAU TIL KAFÉ: Frank, Ruth, Merethe og Oddrun ved Matstova i Oppstryn.

FRÅ SAU TIL KAFÉ: Frank, Ruth, Merethe og Oddrun ved Matstova i Oppstryn. Foto:

Artikkeltags