Hydro utsett for stort cyberangrep

Av

Hydro er utsett for eit omfattande cyberangrep som påverkar drifta i fleire forretningsområde. Hydro skiftar til manuell drift så langt det er mogleg.

DEL

– Hydro arbeider for å nøytralisere angrepet, men kjenner hittil ikkje det fulle omfanget av situasjonen, skriv selskapet i ei børsmelding.

Cyberangrepet skjedde natt til tysdag. Nettsidene til Hydro er òg nede.

– Ut over børsmeldinga har vi ikkje meir informasjon om situasjonen no. Vi jobbar med å avgrense skadane og sikre drifta. Vi har mellom anna kopla på IT-organisasjonen vår, og vi jobbar med å få oversikt, seier kommunikasjonsdirektør Halvor Molland i Hydro til E24.

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) er varsla og hjelper Norsk Hydro etter angrepet.

– Vi er i dialog med selskapet og hjelper dei med hendingshandtering og analyse. Vi kan ikkje kommentere innhaldet i angrepet for dette ei hending som er eigd av Hydro og då må selskapet kommentere det sjølv, seier kommunikasjonsdirektør Mona Strøm Arnøy til NTB.

Kommunikasjonsdirektøren seier det er for tidleg å seie om det berre er Norsk Hydro som er ramma, eller om også andre norske interesser har vore utsette for angrep gjennom natta.

Artikkeltags